Tournado er det åttande konsertalbumet til det tyske electronicabanet Tangerine Dream og det 56. albumet deira totalt, utgjeve i september 1997. Det er det første konsertalbumet deira utan nye komposisjonar.

Albumet kom ut berre nokre veker etter vårturneen deira i Europa. Konsertopptaket vart gjort i Zabrze (tidlegare Hindenburg) i Polen den 23. april 1997. Musikken på albumet var henta frå albuma Rockoon, 220 Volt Live, Turn of the Tides, Tyranny of Beauty, Goblins' Club og Oasis, alle frå 1990-åra.

Tittelen er eit ordspel på «Tour» og «Tornado».

Mottaking Dave Connolly frå AllMusic gav albumet fire av fem stjerner og sa at albumet «kan vere den beste staden å starte» for dei som måtte vere interessert i musikken til Tangerine Dream i 1990-åra.

Innhald

Medverkande Tangerine Dream Edgar Froese - klaverinstrument Jerome Froese - klaverinstrument Zlatko Perica - elektrisk gitar Gjestemusikarar Emil Hachfeld - elektroniske trommer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tournado av Tangerine Dream» frå , den 20. juli 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Konsertalbum frå 1997 Kategori:Konertalbum av Tangerine Dream