Ottawa - June 20th 1986 er det 86. albumet totalt og det 18. konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeven i april 2004 som eit dobbeltalbum. Dette var det fjerde av i alt ni album i den såkalla Bootmoon-serien til bandet, som i stor grad bestod av piratkopiopptak frå publikum. Alle desse platene vart berre utgjeve i eit avgrensa opplag på 10 000 eksemplar og selde til ein ganske høg pris.
Opptaket vart gjort 20. juni 1986 i Ottawa i Canada.
Materialet på dette albumet er identisk til Tangerine Leaves Volume 12: Ottawa 1986., som var ein del av ein serie piratkopiplater som Tangerine Dream gav ut offisielt.
Innhald
Medverkande Edgar Froese – klaverinstrument Chris Franke – klaverinstrument Paul Haslinger – klaverinstrument
Kjelder
Kategori:Konsertalbum frå 2004 Kategori:Konsertalbum av Tangerine Dream