Purple Diluvial er det 103. albumet totalt og det 40. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i april 2008.

Dette var den andre plata i ein serie omtalt som «cupdiscs», der lengda var kring 40 minutt, som var typisk for lengda på ei LP-plate. Platene kom i eit enkelt pappomslag i staden for det vanlege CD-omslaget i plast. Så langt består serien av 11 plater.

Plata inneheld berre tre lange komposisjonar. To av dei er komponerte og framførte av Thorsten Quaeschning, medan den kortaste, «Armageddon in the Rose Garden, Part Two», er komponert og framført av Edgar Froese.

Innhald

Medverkande Edgar Froese - klaverinstrument, komponist Thorsten Quaeschning - klaverinstrument, komponist

Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 2008 Kategori:Tangerine Dream-album