Winter in Hiroshima er det 120. albumet totalt og det 48. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i august 2009.
Albumet var det fjerde av fem album i ein serie kalla Five Atomic Seasons av Tangerine Dream.
I følgje plateomslaget skal Tangerine Dream i november 2006 ha fått eit tilbod frå ein 82 år gammal japansk forretningsmann, som hadde budd og studert i Nagasaki og Hiroshima i 1945 då begge byane vart råka av atombomber. Dei fem komposisjonane måtte vere 54 minuttar lange. Musikalsk skulle del ein og to, våren og sommaren 1945, omhandle tida då klienten budde i Nagasaki, og skildre ein normal atmosfære. Han budde i Hiroshima hausten og vinteren 1945, og musikken skulle skildre kva som skjedde etter 6. august 1945. Den femte plata skulle vere «tida etter», den såkalla «endelause årstida».
Innhald
Medverkande Edgar Froese - klaverinstrument, komponist
Kjelder
Kategori:Musikkalbum frå 2009 Kategori:Tangerine Dream-album