pH7 er det åttande studioalbumet til Peter Hammill, gjeve ut på Charisma Records i september 1979. Det var det siste Hammill-albumet på Charisma.

Songen «Porton Down» syner til det militære forskingsanlegget Porton Down i Wiltshire i England, medan teksten på «Imperial Walls» er ei omsetjing av dei første få linjene av det engelsk-saksiske diktet «The Ruin».

Songen «Not For Keith» er ei hyllest til Keith Ellis, eit tidlegare medlem av bandet Van der Graaf Generator, som då nettopp var død.

«My Favourite» vart omarbeidd og nyinnspelt for Hammill-albumet The Love Songs i 1984.

«Faculty X» er ein referanse til synskheit i bøkene til Colin Wilson.

Innhald Alle songar skrivne av Peter Hammill, utanom der andre er nemnde.

Medverkande Peter Hammill – song, gitar, klaverinstrument, bass, trommer, trommemaskin Graham Smith – fiolin David Jackson – saksofon, fløyte

Teknsik Peter Hammill - lydteknikar (Sofa Sound i Wiltshire) Pat Moran – miksing (Rockfield Studios i Monmouth) Rocking Russian – kunstverk Dan Kirk – fotografi

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «PH7 (Peter Hammill album)» frå , den 28. juli 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Peter Hammill-album Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Charisma Records-album