David Vikøren (Om David Vikøren i Store norske leksikon.) var administrerande direktør i Norges Rederiforbund frå 1. januar 1977 til 1992. Han er cand.oecon. frå Universitetet i Oslo 1951. Deretter arbeidde han eit år i Statistisk sentralbyrå før han vart knytt til Rederforbundet i 1952. Han vart assisterande direktør i 1964 og direktør i 1969. Han har hatt ei rekkje offentlege verv og vore rådgjevar ved norske delegasjonar til OECD og UNCTAD.Omtale i Hvem Hva Hvor 1987 side 97

Far hans, Olav Vikøren (1884-1964), var folkehøgskolerektor og forfattar. Då David vart fødd, var han rektor på Nordhordland folkehøgskole, men i 1928 flytta familien til Gjøvik der han vart rektor på Viken folkehøgskole.Om Olav Vikøren hos allkunne.no

Verv

Styreleiar for Filharmonisk Selskaps Orkester og Hardanger Musikkfest Styremedlem i Fridtjof Nansens Institutt og Sjøfartsmuseet

Heider

Kommandør av første klasse av St. Olavs Orden Kommandør av Finlands løves orden

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «David Vikøren» frå , den 30. juli 2020.

Kategori:Folk frå Haugesund Kategori:Finlands løves orden Kategori:Norske organisasjonsleiarar Kategori:St. Olavs Orden