This er det 26. studioalbumet til den engelske musikaren Peter Hammill, gjeve ut på hans Fie! Records i 1998. Det inneheld varierande komposisjonar, frå minimalisme i den siste songen, «The Light Continent», til den røffe, nesten Nadir-aktige «Always is Next», den komplekse «Unrehearsed» og balladen «Since the Kids». Peter Hammill framførte songen «Unrehearsed» mange gonger på konsertane sine. «Nightman» kan høyrast på konsertalbumet Veracious (2006).

Produksjon og instrumentering Albumet vart spelt inn, miksa og mastra i Peter Hammill sitt eige studio, Terra Incognita i Bath, mellom januar og juli 1998. Alle instrumenta er spelte og sungne av Hammill, utanom fiolin og bratsj av Stuart Gordon, saksofon og fløyte av David Jackson, og trommer og perkusjon av Manny Elias. Hammill sa om albumet at det «ikkje på noko måte er ei 'band'-plate», og rekna «den samlande faktoren er songane og vokalen heller enn instrumenta».Peter Hammill about This Innimellom songane er små instrumentale fragment.

Plateomslag Plateomslaget syner ein trestubbe og forskjellige ting, som indikerer tida som går. Designet vart laga av RidArt (Paul Ridout).

Innhald

Medverkande Alle instrument og all vokal av Peter Hammill utanom: Manny Elias – trommer & perkusjon (2, 3, 6, 8) Stuart Gordon – fiolin & bratsj (2, 5, 6, 7, 8, 9, 10) David Jackson – saksofon & fløyte (2, 3, 5, 8, 10)

Teknisk Peter Hammill - lydteknikar, miksing (Terra Incognita i Bath) Paul Ridout - design & kunstnarisk leiar

Notes

Denne artikkelen bygger på «This (Peter Hammill album)» frå , den 1. august 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Peter Hammill-album Kategori:Musikkalbum frå 1998