MS «Venus» (kallesignal LDSV - LJRK) var eit motorskip bygt i 1931 som passasjer- og lasteskip som englandsbåt for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Skipet gjekk i rute mellom Bergen og Newcastle.
Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Dette skipet var kalla opp etter planeten Venus og var det andre skipet i flåten til BDS med dette namnet, etter frå 1890.
Historie mini|venstre|Kong Haakon VII går ombord på «Venus» 30. april 1931. Skipet vart bygt ved Helsingør Jernskibs & Maskinbyggeri i Helsingør i Danmark og kosta 5,2 millionar kroner då det vart levert i april 1931, det klårt dyraste skipet BDS hadde eigd til då. Den første offisielle prøveturen gjekk 29. april i Helsingør med 150 inviterte gjester. Blant gjestene var den norske konsulen i Helsingør, ei rekkje direktørar og velståande kjøpmenn. 30. april 1931 gjekk «Venus» til Oslo for å visast fram for kongen og representantar av regjeringa og Stortinget på Oslofjorden. Det var talar av direktør Kristofer Lehmkuhl, kongen, stortingspresident Hambro og statsråd Oftedal. Kongen gratulerte selskapet med det nye skipet og utbringa ein skål på vegner av fedrelandet og meinte at eit så vakkert skip som «Venus» måtte vere til gagn for heile landet. 2. mai vart det gjennomført nok ein tur på Oslofjorden med 200 inviterte gjester frå næringsorganisasjonar, viktige forretningsfolk og reiselivs- og hotellfolk frå både Noreg og Sverige. Kring 100 passasjerar var med «Venus» frå Oslo til Bergen, deriblant statsminister Mowinckel, ei rekkje representantar for handelsdepartementet og shipping- og forretningsfolk, i tillegg til direktør Christensen ved verftet i Helsingør som hadde med ei gåve til Bergen Sjøfartsmuseum, ein modell av ein fregatt frå 1672. Tusenvis av tilskodarar var møtt opp på Skoltegrunnskaien for å helse på det nye skipet då det kom fram 3. mai. Eit musikkorps spelte Bergenssongen ombord på , medan det vart skote salutt frå .
5. mai vart det ein tur på fjorden utafor Bergen med lunch ombord for 300 inviterte gjester. Den danske kongen Christian inviterte seg sjølv ombord, då han gjerne ville sjå skipet som vart rekna som ein triumf for danske skipsverft. Etter å ha sett skipet uttalte han at det berre var ein feil ved skipet: at det ikkje tilhøyrte eit dansk reiarlag.
Jomfruturen frå Bergen til Newcastle vart 6. mai 1931. Med på turen var førstemaskinisten på , det første skipet som gjekk i rute mellom Bergen og Newcastle. Skipet hadde med 70 passasjerar, 45 på første plass og 35 på andreplass. Med var mellom anna direktør Lehmkuhl og fleire andre høgtståande folk i BDS. Den første overfarten tok tjue timar, men då måtte skipet stoppe ein halvtime i innseglinga på grunn av tåke. På same vis som i Bergen og Oslo, vart det «Venus» presentert med ein tur på sjøen i Newcastle for prominente gjester.
31. mai segla dronning Maud med «Venus», etter å ha vitja det britiske kongeparet i Windsor. Dronninga vart møtt av kongen sjølv på kaien og etter å ha drukke te på Gamlehaugen gjekk reisa vidare til Oslo med nattoget. Dronninga kom til å reise med «Venus» til England mange gonger i løpet av 1930-åra. Òg andre storfine folk segla med skipet, som den thailandske kongefamilien i 1936.
6. september 1931, då «Venus» skulle legge til kai i Bergen, vart wiren som får akterskipet skulle festast til kaien slakka for mykje av, og vart vikla inn i den eine propellen. Ein dykkar fekk av wiren og skipet fortsette til Newcastle dagen etter. Det viste seg derimot at hylsa til propellen vart blitt skadd, og skipet gjorde derfor overfarten på ein propell. Skipet vart sett i dokk i Newcastle for å reparere skaden.
Seint i april 1934 vart skipet leigd inn av Handelsforening for ei reise til Shetland, der dei skulle ha møte. Turistsesongen 1934 vart særs bra for landet og «Venus» bidrog til dette med britiske turistar. Til saman frakta «Venus» mellom anna 200 bilar denne sommaren.
18. februar 1935 var det ei ulukke ombord på «Venus» som nær kosta eit menneskeliv. Ein var i ferd med å hive ombord ein del tørrfiskbuntar, og då hivet var komen omtrent midt over lasteluka raste heile stasen ut og ein av fiskebuntane råka ein engelsk fiskekontrollør, som stod ved lukekanten, i hovudet. Han fall ned og mista dels medvitet og vart køyrt til Naudhjelpestasjonen. Mannen vart etter behandling køyrt heim og politiet oppretta ei etterforsking for å finne ut korleis det heile kunne skje.
I heile februar 1936 låg skipet i dokk og fekk pussa opp 1. klasse med 22 nye lugarar.
Berginga av «Trym» 18. januar 1937 bles det orkan i Nordsjøen og av Trondheim sende kl. 21.15 ut SOS-signal med melding om at skipet hadde brekt rorleidninga og dreiv hjelpelaust omkring i det ofselege uvêret. «Venus» og Ostasiatiske Compani sitt av København telegraferte raskt attende om at dei var på veg til havaristen. Kl. 22 telegraferte kapteinen på «Trym»: «Vi synker langsomt. Er der nogen nær oss?» «Venus» låg på det tidspunktet seks timar unna. Utsira radio sette i gang autoalarm som varsla alle skipstelegrafistar på skip i nærleiken om at dei ønskte samband med dei, i håp om at det var skip som låg nærare enn «Venus» og «Panama». Seinare melde «Venus» at dei trass i uvêret kunne kome fram til havaristen på tre timar. Kl. 0030 melde «Venus» at dei var like i nærleiken av «Trym», og bad dei sende opp naudrakettar kl. 0100 slik at dei skulle få auge på dei. Ein trålar var då komen fram til «Trym», som sende opp mange rakettar utan at nokon på «Venus» såg dei. Kl. 0130 var sikte enno dårlegare på grunn av tett snø. Kl. 0500 var «Venus» enno ikkje komen nær «Trym», som telegraferte at situasjonen var kritisk, men at pumpene enn så lenge klarte å halde skipet flytande. Kl. 0620 telegraferte «Venus» at dei var komen opp til havaristen, der dei venta på dagslys og betre vêr. Kl. 1115 melde «Trym» at situasjonen enno ikkje hadde forverra seg, at pumpene gjekk for fullt og at lukene heldt. Vêret var likevel like hardt som det hadde vore om natta, men vêrvarslinga meinte at det var betring i vente, med langt rolegare vind ein håpa ville trekke noko austover og inn over havaristen.
Kl. 2055 gjekk ein ofseleg brottsjø over «Trym» og telegrafisten ombord telegraferte då: «Kommer dere ikke snart? Det er snart ute med oss.» «Venus» svara: «Vi ber dere holde ut. Vi er snart ved eders side.» Ein ny brottsjø slo over «Trym» og det hamna vatn inn i maskinrommet. «Venus» pumpa olje på sjøen for å dempe dei verste brottsjøane. Eine livbåten til «Trym» var knust og den andre låg så langt ned i sjøen på grunn av slagsida til skipet at det ikkje kunne settast på sjøen. «Venus» sette derfor ein livbåt på sjøen med ei line i, men straks denne var komen på sjøen vart livbåten knust langs skipssida. Ein valde derfor å vente på betring i vêret. På kvelden den 19. januar kom dei to skipa frå kvarandre i snøtjukke, men kl. 2130 hadde «Venus», trass i orkanen, funne attende til «Trym».
I 0630-tida hadde vinden løya nok til at det vart sett ein livbåt på vatnet. I grov sjø klarte åtte mann frå «Venus» å manøvrer seg fram til «Trym». Her var det stor fare for å kome inn under slingrekjølen til skipet, noko som hadde ville knust livbåten. På grunn av den kraftige vinden klarte dei ikkje å kaste ei line over til «Trym». Lettmatros Perry Opsahl på «Trym» gjekk derfor i sjøen og klarte å symje over frå havaristen til livbåten med ei line. Då fem mann av besetninga var halt ombord ved hjelp av lina, vart livbåten dregen forbi baugen på «Trym» og dei måtte kutte lina. Det vart eit ofseleg slit å kome seg attende til «Venus» og roturen tok ein og ein halv time. Ein etter ein vart mennene ombord heist opp til «Venus». Dekksguten på «Trym» var så utmatta at han fall ned frå leideren og ned i sjøen mellom skipet og livbåten. Han kom så under livbåten, og unngjekk slik å bli knust mellom livbåten og skipssida, før det lukkast å få han opp på «Venus» ved hjelp av ei line. Livbåten måtte dei berre la gå, då det var umogeleg å heise han opp frå sjøen. For å berge resten av mannskapet på «Trym», vart det skoten ei line over til skipet for å opprette ein redningsstol ved hjelp av ein livbøye, og ved hjelp av denne klarte dei å få berga dei resterande 13 mennene over til «Venus». Heile bergingsoperasjonen tok fire timar. Seinare vart det leita etter «Trym», men skipet var då søkkje.
«Venus» segla vidare til Newcastle etter alle var velberga ombord. Det var blitt skadar ombord på «Venus» og dører på 2. klasse var slått inn. Alle passasjerane og det berga mannskapet frå «Trym» vart derfor plasserte på 1. klasse. I Newcastle venta tusenvis av menneske og sirener frå fabrikkane i byen ulte for å heidre bergingsmannskapet.
Heile redningsdåden fekk brei omtale i media, på begge sider av Nordsjøen, og britiske aviser omtalte det som den mest heroiske redningsdåden dette hundreåret og skildra kaptein Dreyer som ein klok, roleg og meisterleg viking. I tillegg fekk bergingsmannskapet, lettmatros Oppsal og telegrafisten ombord på «Trym» stor heider. Telegrafisten, Gade Sørensen, sat 48 timar i strekk ved telegrafen og sende ut og tok i mot meldingar, i tillegg til at han klarte å handsame peileapparatet i den grove sjøen, slik at «Venus» fann fram til havaristen. Stavanger Aftenblad skreiv: «Vi kan bare tenke oss hvilke anstrengelser, hvilket mot og hvilket sjømannskap det ligger bak de korte radiomeldinger fra «Venus». Vi kan bare løfte på hatten i ærbødighet for det sjøens adelsskap som her har gitt seg sig et nytt lysende utslag. Når det gjelder å redde kamerater i livsfare er det ingen opofrelse for stor, ingen vanskelighet uovervinnelig. Redingen av «Trym»s mannskap vil få sin fortjente plass i sjøfartshistorien. Ikke bare de reddede fra vraket i Nordsjøen, men hele landet vil idag takke «Venus» for velgjort. En dåd av norske sjøfolk. Hvor fartøi flyte kan, der er han første mann.» Under ein middag på slottet i Oslo 21. januar heldt kongen ein tale der han mellom anna takka bergingsmennene på «Venus».
Under overfarten attende til Bergen måtte «Venus» igjen gå til eit skip i nød, stavangerskipet «Veni». I 1700-tida hadde skipet sendt ut SOS-signal etter å ha brekt roret. nådde fram til havaristen først og pumpa olje på den grove sjøen, men gjekk nesten tom for olje før «Venus» nådde fram. «Venus» telegraferte «Keeping smiling. Snart fremme.» Samstundes var bergingsfartøya og på veg frå Kristiansand. Kl. 2350 kom «Venus» fram til havaristen og byrja å pumpe olje. Utpå morgonen forlet «Venus» havaristen, medan «Jupiter» vart verande att. «Venus» hadde då ikkje meir olje enn det måtte ha for å kome seg fram til Bergen. Dette gjorde at «Venus» vart forseinka til den store mottakinga som var planlagt for skipet i Bergen.
«Venus» fekk ei stor mottaking då det kom attende til Bergen. Truleg var det møtt fram 25 000 menneske. Alle båtar som låg i Bergen tuta i fløyter og tåkelurar. I det skipet klappa til kai spelte divisjonsmusikken «Den norske sjømann» og ordføraren i Bergen ønskte redningsmennene velkomen med ein tale, før det vart sunge «Ja, vi elsker». I Domkyrkja vart det stelt i stand ei takkegudsteneste. I tillegg var det òg ei markering og innsamling for enkja etter båtsmannen på «Venus» som vart skylt på sjøen av ein stor sjø under overfarten veka før bergingsaksjonen.
Opsahl frå «Trym» og dei av besetninga på MS «Venus» som deltok direkte i redningsaksjonen vart tildelt medaljen for edel dåd. Førstestyrmann Brynjulf Bjarnir og ni besetningsmedlemmar vart den 6. februar 1937 tildelt Kongens fortenestemedalje i gull. Fleire av besetningsmedlemmane på «Venus» fekk òg ein minnesmedalje i sølv av Britiske Lloyd og ein bronseplakett til å hengast på skipet. Opsahl fekk òg 10 000 kroner i gåve frå Oslo by.
Framover mot krigen 3. april 1938 var det ein vårstorm i Nordsjøen og «Venus» fekk skadar på skansekledninga då eit par svære brottsjøar slo over skipet.