Schibsted () er det største mediekonsernet i Noreg, og ein av dei leiande medieaktørane i Skandinavia. Konsernet har etablerte produkt og rettar innanfor media som avis, fjernsyn, film, forlag, multimedia og mobile tenester. Hovudkontoret ligg i Oslo og det meste av verksemda er knytt til Noreg og Sverige.
Historie Selskapet vart grunnlagt av Christian Schibsted i 1839 då han starta ei lita verksemd som boktrykkjar i Oslo. Schibsted overtok eigarskapet til Verdens Gang i 1966, då avisa var i finansielle problem. I 1988 vart det til då familieeigde selskapet omlagt til aksjeselskapsforma og det vart oppretta ulike dotterselskap. I dag eig Schibsted mellom anna Verdens Gang, Aftenposten og Avis1, og er deleigar av svenske Aftonbladet (49,9%), TV 2 (33,3%), Svenska Dagbladet, Metronome Film & Television AB (60%) og Sandrew Metronome (50%).
Konsernet vart børsnotert i 1992. Konsernsjefar har vore Kjell Aamot (1989-2009), Rolv Erik Ryssdal (2009-2018) og Kristin Skogen Lund (2018-2024).
Eigarskap Schibsted ASA er eigd av:
Blommenholm Industrier AS ved Tinius Nagell-Erichsen (26,1 %) State Street Bank (10,7 %) Folketrygdfondet (8,2 %) Capital Research (6,6 %) Marathon Asset Management (6,1 %) Mellon Bank (6,0 %) Andre eigarar (36,2 %)
Schibsted ASA eig dette innan norsk presse og fjernsyn: Adresseavisen ASA (33,3 %) Aftenposten AS (100 %) Asker og Bærums Budstikke ASA (10,1 %) Bergens Tidende AS (24,4 %) Fædrelandsvennen AS (25 %) Harstad Tidende-gruppen AS (49,3 %) Schibsted Print Media AS (100 %) Stavanger Aftenblad ASA (31,5 %) TV2-gruppen AS (33,3 %) Verdens Gang AS (100 %)
Andre selskap Schibsted eig: Schibsted Søk AS (Sesam.no) (100 %) Næringsliv24 AS (100%, gjennom Aftenposten (60%) og VG(40%)) Basefarm AS (73,5 %)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Aksjeinformasjon om Schibsted frå Børs24 Schibsted ASA i Medieregisteret (informasjon om eigartilhøva innanfor norsk dagspresse, radio og fjernsyn) «Gir fra seg makten» på N24.no (endring i eigarstrukturen)
Kategori:Norske medieføretak Kategori:Føretak skipa i 1839 Kategori:1839 i Noreg