The Appointed Hour er eit studioalbum av Peter Hammill og Roger Eno, gjeve ut i 1999.
Musikken på albumet vart improvisert av Eno og Hammill i løpet av ein samanhengande klokketime, 1. april 1999 mellom kl. 13 og 14. Hammill og Eno sat i kvar sine studio, og kunne ikkje kommunisere med kvarandre. På førehand hadde dei blitt samde om kva toneart dei skulle spele i, og ei spesifikk tid dei skulle byrje å spele. Dei improviserte så med forskjellige instrument. Etter nøyaktig ein time slutta begge å spele. Eno sendte så sine opptak til Hammill, som miksa resultatet saman. Eno spelte cello, piano og gitar.
Innhald
Medverkande Peter Hammill - klaverinstrument Roger Eno - klaverinstrument, gitar, cello
Kjelder
Kategori:Peter Hammill-album Kategori:Roger Eno-album Kategori:Musikkalbum frå 1999