Rodica Mateescu, fødd Petrescu, () er ein rumensk tidlegare friidrettsutøvar frå Bucuresti som vann sølvmedaljen i tresteghopp under verdsmeisterskapen 1997.

Aktiv Rodica Petrescu, gift 1995 med hekkeløparen Mugur Mateescu, høyrde til verdseliten i tresteghopp frå 1994 til -98. Ho kom såleis på femteplass både i EM 1994 og VM 1995 og ho vart nummer 7 i OL 1996.

Under verdsmeisterskapen i Aten 4. august 1997 presterte Mateescu sitt livs beste hopp og landa på 15,16 meter i fyrste finaleomgang. Ho leia tevlinga til tsjekkiske Šárka Kašpárková i femte omgang også gjorde sitt livs beste tresteghopp og sikra seg gullmedaljen føre Mateescu. Året etter enda Mateescu på fjerdeplass ved EM 1998 med 14,46 m, 4 cm kortare enn bronsemedaljøren.

Åra 1994–1996 og 1998 vart ho rumensk meister i tresteghopp.

Doping Sommaren 2000 vart Mateescu dømd for bruk av dopingmiddel og stengt ute frå friidrett i 2 år. Ho la opp i 2004, utan å ha vore i nærleiken av tidlegare toppnivå.Fremover 30. august 2000

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1994 i Helsinki: Nr 5 – 14,42 m VM 1995 i Göteborg: Nr 5 – 14,82 m OL 1996 i Atlanta: Nr 7 – 14,21 m VM 1997 i Aten: Sølvmedalje – 15,16 m, bakom Šárka Kašpárková (15,20 m) EM 1998 i Budapest: Nr 4 – 14,46 m

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rodica Mateescu» frå , den 11. august 2020.

World Athletics

Kategori:Rumenske tresteghopparar Kategori:Rumenske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Dopingsaker i friidrett