Kenneth Ian Morris, kjend som Kenny Morris (), var ein engelsk trommeslagar og låtskrivar. Han var den første trommeslagaren som spelte på ei studioplate med Siouxsie and the Banshees. Han vart med i bandet i januar 1977 og fram til september 1979. Han var kjend for å hovudsakleg spele på tom-tom-trommene og er blitt omtalt som ei stor inspirasjonskjelde for fleire trommeslagarar innan post-punk, som Stephen Morris frå Joy Division, Kevin Haskins frå Bauhaus, og Paul Ferguson frå Killing Joke.
Morris spelte på albuma The Scream i 1978 og Join Hands frå 1979.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kenny Morris» frå , den 12. august 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Engelske trommeslagarar Kategori:Elevar ved Camberwell College of Arts Kategori:Siouxsie and the Banshees-medlemmar