«Slowdive» er ein song av det engelske post-punk-bandet Siouxsie and the Banshees. Han kom ut i 1982 på Polydor som den første singelen frå det femte studioalbumet deira, A Kiss in the Dreamhouse.
Musikk Songen (og albumet) representerte ei meir utførleg og eksperimentell musikalsk retning for Siouxsie and the Banshees på denne tida. Overtonane på songen vart framheva av strykarar, inkludert fiolinar og ein cello. AllMusic skildra «Slowdive» som «ein fiolin-farga dance-song med ein fengande melodi». The Guardian-skribenten Dave Simpson rekna songen som ei av dei beste innspelingane deira og sa at «det høyrest ut som lokket langsamt vert løfta av på ein trykkokar medan bandet trer fram frå det svarte og smetter frå spaning til sensualitet. Dei endra kurs igjen musikalsk òg, og byta frå grublande rock til psykedelisk pop».
Utgjeving «Slowdive» kom ut 1. oktober 1982 på Polydor. Songen klarte akkurat ikkje å nå topp 40 og nådde 41. plassen på UK Singles Chart.
Songen kom òg ut på 12"-vinyl med ein lengre versjon. Denne versjonen kom ut som bonusspor på den ommastra utgåva av A Kiss in the Dreamhouse i 2009) og ein instrumental versjon av det tredje sporet på Dreamhouse, «Obsession», kalla «Obsession II».
Tittelen på songen inspirerte til namnet på bandet Slowdive tidleg i 1990-åra, noko dei stadfesta i intervju.
«Slowdive» vart spelt av LCD Soundsystem i januar 2005 og gjeven ut som B-side til singelen deira «Disco Infiltrator».
Innhald
7"-singel
12"-singel
Medverkande Siouxsie and the Banshees
Siouxsie Sioux – vokal Steven Severin – 6-strengs bassgitar John McGeoch – gitar Budgie – trommer, perkusjon, munnspel
Andre medverkande
Anne Stephenson – fiolin Virginia Hewes – fiolin
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Slowdive (song)» frå , den 17. august 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Siouxsie and the Banshees-songar Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Siouxsie Sioux Kategori:Songar skrivne av Budgie Kategori:Songar skrivne av Steven Severin Kategori:Songar skrivne av John McGeoch Kategori:Songar frå 1982