mini|Ulstein Verft sett frå lufta. Ulstein Verft er eitt av selskapa i Ulstein Group. mini|Ulstein Group sitt hovudkvarter på Osneset i Ulsteinvik. Ulstein Group ASA er eit norskeigd og familieeigd industrikonsern med aktivitetar innan designutvikling og bygging av skip, kraft- og kontrollsystem og maritime system og løysingar. Hovudkontoret er i Ulsteinvik i Møre og Romsdal fylke, eit viktig område for den norske maritime klynga.
Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein Group ASA og styreleiar er Tore Ulstein. Ulstein Verft er det største selskapet.
Historie Dagens Ulstein Group har opphav i Ulstein Mekaniske Verksted, som Martin Ulstein starta i 1917.
Dotterselskap SHIPBUILDING Ulstein Verft AS Ulstein Elektro Installasjon AS
DESIGN & SOLUTIONS Ulstein Design & Solutions AS Ulstein Design & Solutions B.V. Ulstein Power & Control AS Ulstein Poland LTD SP. Z.O.O Ulstein Marine Systems (Shanghai) CO Ltd. Ulstein Marine Equipment (Ningbo) CO Ltd Ulstein Electrical Technology (Ningbo) CO Ltd
ANDRE Ulstein Digital AS Blue Ctrl AS
Ulstein Verft Ulstein Verft spesialiserer seg på å bygge avanserte skip, og har dei seinare åra bygd serviceskip til havvindindustrien, kabelleggarar, ekspedisjonscruiseskip, yacht og Ropax-hybridferje. Verftet har også bygd ei rekke skip for offshore olje og gass. To av dei seinaste nybygga frå verftet er serviceskipa «WINDEA Curie» og «WINDEA Clausius» (2025). Dette er fartøy av typen Construction Service Operation Vessel (CSOV), levert med skrogløysinga TWIN X-STERN®. Verftet driv ikkje berre med nybygg og større ombyggingar, men tek også på seg større reparasjonar, oppgraderingar, klassing, sliping, maling, kran- og løftearbeid. Ei avdeling i verftet tilbyr også transport- og kranløfttenester langs kysten.
X-BOW, X-STERN og TWIN X-STERN Mange, men ikkje alle, skipa som vert bygde er baserte på Ulstein sine eigne skipsdesign, Ulstein-design, der skroginnovasjonane X-BOW, X-STERN og TWIN X-STERN ofte er innarbeidde. X-BOW blei tildelt Årets Ingeniørbragd av Teknisk Ukeblad i 2005. 10 år etter markerte konsernet meir enn 100 selde X-BOW-design.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Norske industriselskap Kategori:Næringsliv i Ulstein Kategori:Skipingar i 1917