Muzong av Tang () var keisar av Kina under Tang-dynastiet, frå 821 til 824.
Keisar Muzong var son av keisar Xianzong, då oldefar hans Dezong var keisar.Tangshu, bd. 16. Det personlege namnet hans var Li Heng (kinesisk 李恒, Lǐ Héng). Han blei utnemnd til kronprins i 812, og etter at Xianzong skal ha blitt drepen av ein evnukk blei Li Heng utropt til keisar i 820.
Etter å ha kome på trona brukt Muzong mykje av tida si på festing og drikking, og utførte ikkje alle dei keisarlege pliktene sine. Dei militære leiarane i regionane (jiedushi) som var blitt mellombels stagga byrja å utfordra sentralmakta att, og tre område nord for Gulefloden blei i røynda sjølvstendige Korrupsjon var også utbreidd i riket.
I 823 blei keisar Muzong lamma av eit slag, og etter fleire oppfordringar utropte han eldstesonen sin Li Zhan til kronprins. Kort tid etter skal tilstanden hans ha betra seg. I tida som følgde blei hoffet hans dominert av evnukken Wang Shoucheng og kanslaren Li Fengji. Den korte regjeringstida hans enda med eit nytt slag våren 824. Muzong blei gravlagd i Guangling. Døden hans blei sett på som byrjinga på nedgangstida til Tang-dynastiet. Li Zhan etterfølgde faren som keisar Jingzong.
Kjelder
Zizhi Tongjian, bd. 243. Zizhi Tongjian, bd. 242.
Denne artikkelen bygger på «Emperor Muzong of Tang» frå , den 23. august 2020.
Litteratur
Herbert A. Giles: A Chinese biographical dictionary. London 1898 Kategori:Keisarar i Tang-dynastiet