«Dazzle» er ein song av det engelske post-punk-bandet Siouxsie and the Banshees. Songen kom ut 25. mai 1984 på Polydor Records som den andre singelen frå det sjette studioalbumet deira, Hyæna.
Innhald Songen byrjar med ei gradvis inntoning med strykarar og går over til å bli ein tromme-driven, majestetisk song. Teksten «swallowing diamonds/A cutting throat» kom frå den siste scenen i Marathon Man der Laurence Olivier putter diamantar i munnen sin. Vokalen til Siouxsie er framheva av kraftig klang-effektar.
Strykeseksjonen som opnar stykket heitte opphavleg «Baby Piano», og ein demoversjon både på piano og på strykarar kom ut som bonusspor på 2009-utgåva av Hyæna. Strykarane var arrangerte av Martin McCarrick, som vart offisielt medlem i The Banshees i 1987.«Siouxsie Interview 1988». Tele 5. September 1988. Henta 28. desember 12019.
Utgjeving «Dazzle» kom ut i ei kortare og noko endra radioutgåve den 25. mai 1984 på Polydor Records som den andre singelen frå plata. Han nådde 33. plassen på UK Singles Chart og var den 11. topp 40-hitten til Siouxsie and the Banshees i Storbritannia.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dazzle (song)» frå , den 25. august 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1984 Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Siouxsie and the Banshees-songar Kategori:Songar produserte av Mike Hedges Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Siouxsie Sioux Kategori:Songar skrivne av Budgie Kategori:Songar skrivne av Steven Severin Kategori:Songar skrivne av Robert Smith