«Cities in Dust» er ein song av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees frå det sjuande studioalbumet deira, Tinderbox (1986). Han kom ut 18. oktober 1985 som den første singelen frå albumet.

Bakgrunn og komposisjon «Cities in Dust» er ein dance-rock- og dance-pop-song. Songen skildrar byen Pompeii, som vart øydelagd av eit vulkanutbrot i 79 evt. Bileta skildra vulkanen og magmakammeret, tilhøva til offera for utbrotet og den påfølgjande oppdaginga og utgravinga av byen. .

Mottaking «Cities in Dust» nådde 21. plassen på UK Singles Chart.Johns, Brian. Entranced : the Siouxsie and the Banshees story. Omnibus Press, 1989. Page 94. Sjølv om det ikkje var den første singelen til Siouxsie and the Banshees som gjekk inn på den amerikanske Hot Dance/Disco-lista, var det den første suksessen deira der med ein 17. plass.

I popkulturen Ein kan sjå Siouxsie and the Banshees framføre songen i filmen Out of Bounds i 1986 og songen er med på filmmusikkalbumet. Songen vart òg nytta i filmen Grosse Pointe Blank i 1997, Atomic Blonde i 2017 og det påfølgjande filmmusikkalbumet, og i 2018 vart han nytta i den andre sesongen av Netflix-serien 13 Reasons Why. Songen er nytta i andre sesongen av situasjonskomedien The Marvellous Mrs Maisel.

Andre versjonar Pato Fu spelte inn ein versjon på albumet deira Daqui Pro Futuro (2007). «Cities in Dust» vart spelt på konsert av the Start i 2007 og 2008.thestart Cities in dust" youtube. retrieved 26. august 2020 Anna Nalick har òg framført songen live.Anna Nalick cities in dust live. youtube. retrieved 26. august 2020 Ein versjon av electronica-artisten Junkie XL kom ut på singel i 2008 og sidan på albumet Booming Back at You, i videospelet Burnout Paradise og samlealbumet OMFGG – Original Music Featured on Gossip Girl No. 1. Ein versjon av Everlove vart nytta i trailerar for videospelet Transformers: Fall of Cybertron i 2012. Denne vart òg nytta i ein trailer for fjerde sesongen av HBO-serienGame of Thrones.Avery, Dan. HBO Releases Second «Game Of Thrones» Season 4 Trailer, «Vengeance». Newnownext.com. 18. februar 2014. Henta 3. mars 2014

Salslister Liste (1985) Plassering

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cities in Dust» frå , den 26. august 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Songar frå 1985 Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Siouxsie and the Banshees-songar Kategori:Songar skrivne av Budgie Kategori:Songar skrivne av Siouxsie Sioux Kategori:Songar skrivne av Steven Severin