«O Baby» er ein song skriven og spelt inn av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Han vart produsert av John Cale og gjeven ut som den første singelen frå det 11. og siste studioalbumet deira, The Rapture. Melody Maker skreiv: «O Baby er ein flott opptakt til Rapture» og er «herleg pop».
Songen skil seg musikalsk og tekstmessig frå nesten alle andre Siouxsie and the Banshees-songar. Det er ein livleg kjærleikssong med ein hoppande rytme, lett rytme og streit, lystig tekst av Siouxsie Sioux.
B-sida til singelen, «B Side Ourselves», vart framført på alle konsertane på turneen deira i 1995. Dei ekstra spora var akustiske konsertversjonar av «Swimming Horses» og «All Tomorrow's Parties» (av The Velvet Underground), begge spelte inn i desember 1991 på ein konsert for radiostasjonen KROQ.
«O Baby» var den siste Siouxsie and the Banshees-singelen som nådde topp 40 i heimlandet, med ein 34. plass på UK Singles Chart. Det var òg den siste songen deira på den amerikanske Modern Rock Tracks-lista, der han nådde 21. plassen. Songen vart ein overraskande hit på radio i Europa, og toppa den polske singellista i tre veker.
Innhald UK 7"-singel «O Baby» «B Side Ourselves»
UK CD singel 1 «O Baby» «B Side Ourselves» «O Baby (Manhattan Mix)»
UK CD singel 2 «O Baby» «Swimming Horses (Live)» (akustisk live version recorded at KROQ Radio on 21. desember 1991) «All Tomorrow's Parties (Live)» (akustisk live version recorded at KROQ Radio on 21. desember 1991)
Salslister Liste (1995)PlasseringPolen1European Hit Radio22UK Singles Chart34US Modern Rock Tracks21
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «O Baby» frå , den 29. august 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1995 Kategori:Siouxsie and the Banshees-songar Kategori:Songar produserte av John Cale Kategori:Songar frå 1995