mini|Kyrkja på eit postkort frå tidleg 1900-tal Bodø kyrkje var ei kyrkje i Bodø by i Nordland fylke. Dette var ei nygotisk langkyrkje i tre som vart teikna av Jacob Wilhelm Nordan og innvigd den 6. januar 1888. Kyrkja brann ned den 27. mai 1940 då Bodø vart bomba.
Kyrkja hadde vesttårn med trappehus på kvar side, og koret var polygonalt avslutta. Kyrkja fekk altartavle i 1899 i form av ein kopi av Carl Bloch sitt bilete Christus Consolator måla av Christen Brun.
Etter krigen tok det nokre år før Bodø fekk ny bykyrkje. Sør-Hålogaland bispedøme vart oppretta i 1952, og i 1956 vart Bodø domkyrkje innvigd.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bodø kirke» frå , den 1. september 2020.
Fotnotar Utstilling om Bodø domkirke 2016 Axel Coldevin: Bodø bys historie (Bodø kommune, 1937), s. 257.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Bodø Kategori:Kyrkjer i Bodø Kategori:Norske kyrkjer frå 1888