Fen stavkyrkje eller Fenes stavkyrkje stod ved garden Søndre Fen eller Fen nedre (gnr. 25) søraust for Ulefoss i Nome kommune i Telemark. I dag står ein tidlegare skulebygning på staden.

Kyrkja var vigsla til erkeengelen Mikael den 31. juli i eit ukjent år. I jordeboka til Eystein Aslaksson er Fænes kirkia omtala utan at det er ført prestbol til kyrkja. Ein trur at kyrkja var lagt ned på overgangen mellom 1400- og 1500-talet, sidan ho ikkje er omtala i Povel Huitfeldt si stiftsbok eller i Jens Nilssøn sine visitasskildringar.

Treverk frå kyrkja skal ha blitt brukt til å byggje eit loft på garden, og ein trur at det dreide seg om ei stavkyrkje, uten at skriftlege vitnesbyrd bekreftar dette eksplisitt.

Kjelder Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2016), s. 57–58

Denne artikkelen bygger på «Fen stavkirke» frå , den 3. september 2020.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Holla.no

Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Nome