«Love Song» er ein song av det skotske bandet Simple Minds. Han kom ut på singel på Virgin Records i august 1981, ein månad før utgjevinga av albumet Sons and Fascination. B-sida er ein instrumental versjon av «This Earth That You Walk Upon», som seinare kom ut på albumet med nyinnspelt vokal. Trass i eit klistremerke på 12"-versjonen av singelen som lovde ein «lengre versjon», består alle 12"-versjonane berre av albumverjsonen av songen.
Songen er visstnok ei hyllest til det nære bandet mellom Europa og Amerika.http://www.allmusic.com/song/love-song-mt0011748274 Stilen på songen markerte eit skifte bort den tidlegare eksperimentelle fasen til bandet, mot ein meir tilgjengeleg og kommersiell rock.https://www.theguardian.com/music/musicblog/2015/mar/18/simple-minds-10-of-the-best
«Love Song» vart den første singelen til Simple Mind som gjekk inn på den britiske topp 50-lista, då han klarte å nå 47. plassen. Songen vart ein større suksess i Sverige og Australia der han nådde topp 20.
Salslister listee (1981/1982)PlasseringAustralia (Kent Music Report)17Sverige (Sverigetopplistan)16Canada38Storbritannia (CIN)47
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Love Song (Simple Minds song)» frå , den 8. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Simple Minds-songar Kategori:Songar skrivne av Jim Kerr Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Virgin Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Mick MacNeil Kategori:Songar skrivne av Charlie Burchill Kategori:Songar skrivne av Derek Forbes