Fier er ein by og ein kommune i regionen Fier i Albania. Kommunen ligg i den sørlege delen av landet og grensar i sør til regionen Vlorë. I vest ligg Adriahavet.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Fier vart slått saman med landkommunane Cakran, Mbrostar Ura, Libofshë, Qendër, Dërmenas, Topojë, Levan, Frakull, Portëz. Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Fier.
Tidlegare administrativ inndeling Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Fier. Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Fier.
Folketal
Kommunaleining Folketal 2011 Folketal 2023 Cakran 11 722 8 113 Dërmenas 7 788 5 881 Fier 55 845 52 926 Frakull 6 820 5 176 Levan 8 159 6 050 Libofshë 6 149 4 433 Mbrostar 7 460 5 528 Portëz 8 259 7 748 Qendër 4 207 3 049 Topojë 4 246 3 059 Kommunen Fier 120 655 101 963
Referansar
Kategori:Byar i Albania Kategori:Kommunar i Albania Kategori:Regionen Fier Kategori:Busetnader i regionen Fier Kategori:Kommunaleiningar i regionen Fier