Harnes er eit gammalt gardsnamn frå nordspissen av Harøya i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Namnet består av stavingane har-, truleg i tydinga 'fjell' eller 'berg' og -nes (landtunge mot sjøen), ifølge Norske Gaardnavne. Har kan opphavleg ha vore namnet på øya (Harøya). I skriftlege kjelder er namnet første gong nemnt i Aslak Bolts jordebok, der det er skrive inn ein gong mellom 1432/33 og 1450. Det er gjort gravfunn på garden som truleg stammar frå jarnalderen, og det er også gjort ei rekkje funn frå steinalderen. Husa på Harnes låg samla i eit klyngetun fram til utskiftinga i 1861. Då vart garden delt opp i sju gardar, Bergan, Nystauå, Ingebrigtstauå, Skjesvolla, Myra, Masstauå og Gjerdet. Harnes låg i Sandøy kommune fram til samanslåinga med Ålesund i 2020.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Harnes» frå , den 11. september 2020.

Bakgrunnsstoff

Historia om Harnes Norske Gaardnavne

Kategori:Busetnader i Ålesund Kategori:Gardar i Vestland