mini|Krusifiks frå Lårdal, no i mellomalderutstillinga i Kulturhistorisk museum Lårdal stavkyrkje stod, som dagens kyrkje, på grunnen til prestegarden Eik (gnr. 21), men ved prestegardstunet, om lag 170–180 meter lengre sør. Soknet og presten er nemnde i 1396 og i 1424. Lårdal prestegjeld («Laur dall preeste gield») er omtala i 1547, men prestegjeldet må altså ha eksistert ei god stund tidlegare. I Jens Nilssøn sin visitasrapport går det fram at kyrkja ligg sør for prestegarden, og Eik-namnet (eller «Eg») vert òg nytta. Soknet vert kalla «Lauerdall» (altså Lårdal) og har tre anneks i Eidsborg, Høydalsmo og Øyfjell.
Kyrkja skal i likhet med Eidsborg ha vore ei einskipa stavkyrkje, og i 1662 vart det meld at taket var «ganske vanmægtigt» og svalene rundtom «ganske unyttige og forladne». Bekymringsmeldingane vart gjentekne i 1668 etter at naudsynte vølingar ikke var utførte. Kyrkja vart riven i 1684 og erstatta med ei ny tømmerkyrkje på same staden. Denne vart avløyst av dagens kyrkje lengre nord i 1832. Den gamle kyrkjegarden skal vere jamna med jorda.
Gjenstandar frå stavkyrkja Eit krusifiks frå stavkyrkja er sendt inn til Oldsaksamlinga. Det er stilt ut i mellomalderustillinga i Kulturhistorisk museum. Ifølgje kyrkjeleksikonet har dessutan dagens kyrkje kalk og disk frå 1583, truleg overførte frå stavkyrkja i si tid. I kyrkja skal det òg finnast panelbord med figurmåleri daterte til 1300-talet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lårdal stavkirke» frå , den 20. september 2020.
Fotnotar Diplomatarium Norvegicum III:529 Diplomatarium Norvegicum I:695 Diplomatarium Norvegicum X:730
Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2016), s. 112.
Dietrichson, s. 488.
Tømmerkyrkja vart teken i bruk same året, ifølgje Henriksveen (s. 168), medan Lårdalsoga tidfestar dette til 1688.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Tokke Kategori:Kulturminne i Tokke