John Adam Estes () kjend som Sleepy John Estes, var ein USA-amerikansk bluesgitarist, låtskrivar og vokalist.
Estes mista synet på høgre auga då ein ven kasta ein stein på han. 19 år gammal byrja han å spele profesjonelt, ofte i lag med Hammie Nixon på munnspel og James «Yank» Rachell, ein gitarist og mandolinist. Estes spelte av og på med begge desse musikarane dei neste femti åra. Estes gjorde den første innspelinga si i 1929 i Memphis i Tennessee for Victor Records. Han spelte inn songane «Drop Down Mama» og «Someday Baby Blues» med Nixon i 1935. Han arbeidde seinare med Son Bonds og Charlie Pickett. Seinare spelte han òg inn for Decca Records og Bluebird Records før andre verdskrigen. Han var attende i studio i Sun Studio i Memphis i 1952, og spelte inn «Runnin' Around» og «Rats in My Kitchen», men var elles lite aktiv i 1940- og 1950-åra.
Estes døydde av slag då han førebudde ein europeisk turné 5. juni 1977 i heimen sin i Brownsville i Tennessee.
I 1991 vart Estes innlemma i Blues Hall of Fame.
Album Sleepy John Estes, 1929–1940 (RBF Records) Complete Recorded Works 1929–1941, vols. 1 and 2 (Document) I Ain't Gonna Be Worried No More 1929–1941 (Yazoo) The Legend of Sleepy John Estes (Delmark, 1963) Broke and Hungry (Ragged and Dirty, Too) (Delmark, 1964) Electric Sleep (Delmark, 1968) Brownsville Blues (Delmark, 1965) Down South Blues (Delmark) Sleepy John Estes in Europe (Delmark, 1999)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sleepy John Estes» frå , den 20. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Afroamerikanske musikarar Kategori:USA-amerikanske bluesgitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Memphis blues-musikarar Kategori:Countryblues-songarar Kategori:USA-amerikanske bluessongarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:Blinde musikarar Kategori:Musikarar frå Tennessee Kategori:Folk frå Ripley i Tennessee