Paradise and Lunch er det fjerde studioalbumet til den amerikanske rootsrock-musikaren Ry Cooder, gjeve ut den 8. juni 1974 på Reprise Records. Albumet består av coverversjonar av jazz-, blues og folk-standardar og obskure songar spelte inn i Warner Brothers Studios. Det siste sporet, «Ditty Wah Ditty», er ein duett mellom Cooder og jazzpianisten Earl «Fatha» Hines.[ Allmusic.com review by Brett Hartenbach] Albumet vart produsert av Russ Titelman og Lenny Waronker. Albumet nådde 167. plassen på Billboard 200-lista i USA.

Albumet inneheld ein versjon av bluesartisten Washington Phillips sin «The Tattler» som stikk seg ut på grunn av gitarspelinga. Songen vart sidan spelt inn av Linda Ronstadt i 1976 på albumet hennar Hasten Down the Wind og av David Soul på albumet Playing to an Audience of One. I 1990 kom albumet ut på CD, medan ei ommastra utgåve kom ut i 2007. Albumet vart ommastra på nytt og gjeven ut på høgoppløyseleg SACD i 2017.

Allmusic skreiv om albumet: «Ry Cooder forstår at ein bra song er ein bra song, sjølv om han er skriven før Depresjonen eller sist veke. Samstundes er han ikkje redd for å utforske nye vegar og mogelegheiter for materialet. Som på det tre førre albuma hans, er Paradise and Lunch fylt opp av skattar som vert ein del av verda der æraer og stilartar smeltar saman utan at det høyrest tvungen eller konstruert ut. Albumet avsluttar med ein heilt nedstrippa versjon av «Ditty Wah Ditty», i ein duett for akustisk gitar og piano, spelt av jazzlegenda Earl 'Fatha' Hines. Her får begge musikarane nok av rom til å syne kor dyktige dei er på instrumenta sine, og resultatet er ikkje noko mindre enn fantastisk. Albumet er eklektisk, intelligent og gjennomført underhaldande og er framleis meisterverket til Ry Cooder.»[ Allmusic review]

Innhald

Medverkande Ry Cooder - gitar, mandolin, vokal Milt Holland – trommer, perkusjon Jim Keltner – trommer Russ Titelman, Chris Ethridge – elektrisk bass Ronnie Barron – piano, orgel Red Callender, John Duke – bass Plas Johnson – altsaksofon Oscar Brashear – kornett Bobby King, Gene Mumford, Bill Johnson, George McCurn, Walter Cook, Richard Jones, Russ Titelman, Karl Russell – vokal Earl Hines - piano på «Ditty Wah Ditty» George Bohanon - blåsararrangement Nick DeCaro - strykararrangement Susan Titelman (kona til Ry Cooder og systera til Russ Titelman) – måleri på omslaget og fotografi

Salslister År Liste Plassering 1974 Billboard Pop albums 167

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Paradise and Lunch» frå , den 22. september 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Ry Cooder-album Kategori:Album produserte av Lenny Waronker Kategori:Album produserte av Russ Titelman Kategori:Reprise Records-album Kategori:Coveralbum