Mike Elizondo () er ein USA-amerikansk produsent, låtskrivar og multi-instrumentalist. Han var ein protesjé hos Dr. Dre og er kjend for ein særs variert CV som omfattar arbeid med 50 Cent, Eminem, Carrie Underwood, Fiona Apple, Mastodon, Ry Cooder og Twenty One Pilots, blant fleire. Av songar han har vore med å skrive finn ein «In Da Club» av 50 Cent, Eminem sine «Just Lose It» og «The Real Slim Shady», «Family Affair» av Mary J. Blige og Carrie Underwood sin «Cowboy Casanova». Han har vunne Grammyprisen og vore nominert fire gonger. Han har medverka på album som til saman har selt over 60 millionar eksemplar i USA aleine.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mike Elizondo» frå , den 25. september 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:Musikarar frå Los Angeles Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Folk frå Pacoima i Los Angeles