The Prodigal Son er det femtande studioalbumet til den USA-amerikanske musikaren Ry Cooder, gjeve ut 11. mai 2018 på Concord og Perro Verde.

Bakgrunn Plata var den første på seks år etter Election Special i 2012 og var eit steg attende til den gospel-inspirerte musikken frå tidlegare i karrieren hans. Albumet inneheld coverversjonar av songar av Blind Alfred Reed, Pilgrim Travelers og The Stanley Brothers i lag med tre originale komposisjonar.

I følgje Cooder vart albumet til på turné i 2015-2016 i lag med bluegrassmusikarane Ricky Skaggs og Sharon White frå The Whites og var basert på element av kvit gospelmusikk som dei spelte på denne turneen.

For å marknadsføre albumet vart det gjeve ut to musikkvideoar, filma i studio, og gjevne ut på den offisielle YouTube-kanalen til Cooder. Den eine var av «Straight Street» og den andre var tittelsporet på albumet.

Innhald

Salslister

Vekeslister Liste (2018) Plassering

Årslister Liste (2018) Plassering Belgiske album (Ultratop Flandern) 109

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Prodigal Son (Ry Cooder album)» frå , den 26. september 2020.

Kategori:Musikkalbum frå 2018 Kategori:Ry Cooder-album Kategori:USA-amerikanske bluesrockalbum Kategori:Album produserte av Ry Cooder