Kypros debuterte i Eurovision Song Contest i 1981 og har delteke i tevlinga 38 gongar. Kypros har aldri vunne Eurovision Song Contest, og er per 2022 det landet som har delteke flest gongar utan å vinne. Kypros har ein andreplass som beste plassering, i 2018 med Eléni Fouréira og songen «Fuego». Sidan innføringa av semifinalar i 2004, har Kypros kvalifisert seg til finalen 10 av 17 gongar.
Historikk Det er den kypriotiske kringkastaren RIK som har ansvaret for å velje artist og song som skal representere Kypros i Eurovision Song Contest. Debuten kom i 1981, med gruppa Island og songen «Mónika». Det kypriotiske bidraget havna på ein sjetteplass, noko som framleis er eit av dei beste plasseringane til Kypros i Eurovision Song Contest. Kypros fekk nok ein god plassering året etter, då ein av det store songstjernane i Kypros, Ánna Víssi, fekk ein femteplass med songen «Móno i agápi». Songen fekk blant anna 12 poeng frå den norske juryen.
I Bergen i 1986, fekk Kypros sin fyrste og førebels einaste sisteplass med Elpída og «Tóra zo». To år seinare trekte Kypros seg frå tevlinga då det viste seg at vinnarlåten i den kypriotiske finalen «Thimáme» tidlegare hadde vore sendt inn til den kypriotiske finalen i 1984, noko som var eit brudd på dei kypriotiske tevlingsreglane. Kypros stod også over Eurovision Song Contest i 2001 på grunn av dårlege resultat åra før, og i 2014 på grunn av økonomiske problem. Kypros returnerte til tevlinga året etter og har delteke sidan.
Per 2019 har Kypros delteke 36 gongar og er det landet som har delteke flest gongar utan å vinne. Men i 2018 var Kypros svært nære ved å vinne for fyrste gong, då Eléni Fouréira kom på andreplass med songen «Fuego».
Bidraga År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 1981 Island «Mónika» Gresk 69 6 1982 Ánna Víssi «Móno i agápi» Gresk 85 5 1983 Stavros Siderás og Konstantína «I agápi akoma zi» Gresk 26 16 1984 Andy Paul «Anna Maria Léna» Gresk 31 15 1985 Lia Vissi «To katálava argá» Gresk 15 16 1986 Elpída «Tóra zo» Gresk 4 20 1987 Alexia «Áspro-mavro» Gresk 80 7 Jánnis Dimitríou «Thimáme» Gresk colspan=2 1989 Jánnis Savidákis og Faní Polyméri «Apópse as vrethúme» Gresk 51 11 1990 Kháris Anastasíou «Milás polý» Gresk 36 14 1991 Élena Patróklou «SOS» Gresk 60 9 1992 Evrydíki «Teriázume» Gresk 57 11 1993 Kyriákos Zoumpoulákis og Dímos Van Béke «Mi stamatás» Gresk 17 19 1994 Evrydíki «Íme ánthropos ki egó» Gresk 51 11 1995 Aléxandros Panají «Sti fotiá» Gresk 79 9 1996 Konstantínos «Móno ja mas» Gresk 72 9 42 15 1997 Khará og Andréas Konstantínou «Mána mou» Gresk 98 5 1998 Mikhális Khatzijánnis «Jénesis» Gresk 37 11 1999 Marlén Angelídou «Tha 'ne érotas» Gresk 2 22 2000 Voice «Nómiza» Gresk og italiensk 8 21 2002 One «Gimme» Engelsk 85 6 2003 Stélios Konstantás «Feeling Alive» Engelsk 15 20 2004 Lisa Andreas «Stronger Every Minute» Engelsk 170 5 149 5 2005 Konstantínos Khristofórou «Ela Ela (Come Baby)» Engelsk 57 15 colspan=2 2006 Annét Artáni «Why Angels Cry» Engelsk colspan=2 rowspan=4 57 15 2007 Evrydíki «Comme ci, comme ça» Fransk 65 15 2008 Evdokía Kadí «Femme Fatale» Gresk 36 15 2009 Khristína Metaxá «Firefly» Engelsk 32 14 2010 Jon Lilygreen og The Islanders «Life Looks Better in Spring» Engelsk 27 21 67 10 2011 Khristos Mylórdos «San ángelos s'agápisa» Gresk colspan=2 16 18 2012 Ívi Adámou «La La Love» Engelsk 65 16 91 7 2013 Déspina Olympíou «An me thimáse» Gresk colspan=2 11 15 2015 Jánnis Karajánnis «One Thing I Should Have Done» Engelsk 11 22 87 6 2016 Minus One «Alter Ego» Engelsk 96 21 164 8 2017 Hovig «Gravity» Engelsk 68 21 164 5 2018 Eléni Fouréira «Fuego» Engelsk 436 2 262 2 2019 Tamta «Replay» Engelsk 109 13 149 9 Sandro «Running» Engelsk colspan="4" 2021 Élena Tsagkrinoú «El Diablo» Engelsk og spansk 94 16 170 6 2022 Andromache «Ela» Engelsk og gresk colspan="2" 63 12 2023 Andrew Lambrou «Break a Broken Heart» Engelsk 126 12 94 7 2024 Silia Kapsis «Liar» Engelsk 78 15 67 6 2025 Theo Evan «Shh» Engelsk colspan="2" 44 11 2026 «» Engelsk og gresk
Røystehistorikk (1981-2021) Finalane
+ Kypros har gjeve flest poeng til Nr. Land Poeng1 3482 1283 1204 119
+ Kypros har fått flest poeng frå Nr. Land Poeng1 3072 943 894 725 69
Galleri
Sjå òg Kypros i Junior Eurovision Song Contest
Referansar
Kjelder
Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Kypros i Eurovision Song Contest» frå , den 26. september 2020.
Kategori:Land i Eurovision Song Contest