Green Light er det åttande studioalbumet til Bonnie Raitt, gjeve ut i 1982.
Raitt sa om albumet i 1982: «Det eg ønskte denne gongen var ein kombinasjon av musikken eg nyleg lytta til. Billy Burnette, The Blasters, Rockpile og rockabilly New Wave-miljøet. Eg visste eg måtte kome meg bort frå den glatte stilen eg hadde med Peter Asher-plata. Eg vart litt såra av mangelen på respons på The Glow. Og eg var skuffa over at eg ikkje klarte å lage ei plate som høyrtest ut slik eg ønskte at ho skulle høyrast ut. I studioet Shangri-la ønskte eg å gå tilbake til røtene og til funk-stilen på dei tidlege platene mine, sjølv om eg ikkje var veldig nøgd med korleis dei høyrtest ut heller. Dei høyrdest ut som eg hadde det mykje kjekkare enn eg faktisk hadde. Green Light er det første albumet eg faktisk syns det var moro å lage.»
Green Light fekk betre kritikk enn Raitt hadde fått på fleire år, og kritikaren Robert Christgau skreiv at «på The Glow nektar den noverande kvinnelege tolkaren å døy, og ho gjer ho det betre. Styrken på Green Light går for djup til å stige opp og gripe deg med ein gong, så du kan byrje med 'Me and the Boys'.»
I følgje Raitt kom den meir hardrocka stilen på albumet overraskande på kollegaene hennar.
Innhald
Medverkande Bonnie Raitt – solovokal, gitar, slidegitar, korvokal (6, 7, 8) The Bump Band Ian «Mac» McLagan – klaverinstrument Johnny Lee Schell – gitar, korvokal (1, 6, 7, 8), orgel (2), autoharpe (8), perkusjon (9) Ray Ohara – bass Ricky Fataar – trommer, perkusjon, korvokal (1) med: Jackson Browne – korvokal (1) Melanie Rosales – korvokal (1) Richard Manuel – harmonivokal (2) Vince Gill – korvokal (7) Steve Raitt – korvokal (8) William D. «Smitty» Smith – orgel (5) Rick Vito – ekstra gitar (1, 8, 9, 10) Mac James – ekstra gitar (8) Rob Fraboni – perkusjon (3) David Woodford – saksofon (1, 3, 9)
Produksjon Produsent – Rob Fraboni Lydteknikar – Tim Kramer Ekstra lydteknikar – Terry Becker Assisterande lydteknikar – Thom Yuill Opphavleg mastra av Mike Reese i The Mastering Lab (Los Angeles, CA). Oversyn med ommastring – Ed Cherney Ommastring – Keith Blake og Gregg Geller Prosjektkoordinator – Jo Motta Kunstnarisk leiar – Tim Ritchie Design – Mac James Fotografi – John Livzey Management – Jeffrey Hersh og Dick Waterman
Salslister Album - Billboard (Amerika) ÅrListePlassering1982Pop Albums38
Singlar - Billboard (Amerika) ÅrSingelListePlassering1982«Keep This Heart in Mind»U.S. Billboard Mainstream Rock391982«Keep This Heart in Mind»U.S. Billboard Bubbling Under the Hot 100104
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Green Light (Bonnie Raitt album)» frå , den 2. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Bonnie Raitt-album Kategori:Musikkalbum frå 1982 Kategori:Album produserte av Rob Fraboni Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Album spelte inn i Shangri-La