Luck of the Draw er det 11. studioalbumet til den amerikanske songaren Bonnie Raitt, gjeve ut i 1991.

Etter at ho vart nominert til fire Grammy-prisar for albumet Nick of Time, som kom i 1989, trekte Raitt seg attende til Nord-California for å byrje arbeidet på Luck of the Draw. «Eg trekte meg attende med vilje for å sjå om eg kunne komme opp med noko», sa Raitt i 1991. «I tilfelle eg vann, så ønskte eg å vere sikker på at eg hadde skrive noko, og ikkje følte at Nick of Time berre var eit lykketreff. Eg ønskte ikkje å vinne fordi eg hadde slutta å drikke og brukt tjue år på å ikkje tene pengar. Det var ikkje nok. Så eg tvang meg sjølv attende til å skrive musikk. Det var tre fire dagar der det ikkje skjedde noko — men fordi eg ikkje hadde alkohol eller misnøye eller noko som kom i vegen, så byrja det å opne seg opp og eg byrja tre av fire songar som er på dette albumet. Og det hadde ikkje noko å seie om eg vann eller ikkje, for eg hadde bevist for meg sjølv om at det var ok.»

Albumet selte betre enn Nick of Time med sju millionar eksemplar i USA aleine innan 2010, og vart marknadsført med ein 180 konsertar lang turné frå 1991 til 1993. Albumet gjore det òg godt i andre land, som Frankrike og Italia. Til i dag er dette det bestseljande albumet hennar.

I plateomslaget dediserte Raitt albumet til bluesgitaristen Stevie Ray Vaughan, som døydde i 1990 og som hadde oppfordra henne til å stoppe alkoholmisbruket.

Innhald

Medverkande Bonnie Raitt – solovokal, korvokal (1, 3, 4, 7, 8, 10), akustisk gitar (1, 2, 5, 6, 9, 11), elektrisk gitar (1), slidegitar (1, 2, 4, 10), horn arrangement (4), elektrisk piano (7, 12) Stephen Bruton – akustisk gitar (1), korvokal (9) Randy Jacobs – elektrisk gitar (2) Johnny Lee Schell – elektrisk gitar (5) John Hiatt – gitar (6), korvokal (6) Mark Goldenberg – akustisk gitar (8, 10) Richard Thompson – elektrisk gitar (8, 11), korvokal (11) Billy Vera – elektrisk gitar (9) Robben Ford – sologitar (10) Scott Thurston – klaverinstrument (1, 11), akustisk gitar (10), elektrisk gitar (10, 11) Ivan Neville – Hammond B3-orgel (2), klaverinstrument (4) Bruce Hornsby – akustisk piano (3), klaverinstrument (3) Benmont Tench – Hammond C3-orgel (3, 7, 8, 11), akustisk piano (8) Ian McLagan – Hammond B3 orgel (5) Steve Conn – trekkspel (9) James «Hutch» Hutchinson – bass (1-6, 8, 10, 11) Don Was – jug bass (9) Curt Bisquera – trommer (1, 2) Ricky Fataar – trommer (1, 4, 5, 6, 8, 9, 10) Tony Braunagel – trommer (3) Jeff Porcaro – trommer (11) Debra Dobkin – perkusjon (1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 10), korvokal (10) Paulinho Da Costa – perkusjon (3, 7, 11, 12) Delbert McClinton – munnspel (2), solovokal (2) Tower of Power Horns – blåsarar (4) Stephen «Doc» Kupka – barytonsaksofon Emilio Castillo – tenorsaksofon Steve Grove – tenorsaksofon Greg Adams – trompet, blåsararrangement Lee Thornburg – trompet Phil Cunningham – tinnfløyte (7) Aaron Shaw – sekkepipe (12) David Campbell – strykearrangement og dirigent (12) Larry Corbett – cello (12) Ernest Ehrhardt – cello (12) Dennis Karmazyn – cello (12) Carole Castillo – bratsj (12) Rick Gerding – bratsj (12) Pamela Goldsmith – bratsj (12) Novi Novog – bratsj (12) Sweet Pea Atkinson – korvokal (1, 5, 10) Sir Harry Bowens – korvokal (1, 5, 10) David Lasley – korvokal (1, 3, 7, 8) Arnold McCuller – korvokal (3, 5, 7, 8, 10) Kris Kristofferson – korvokal (5) Paul Brady – korvokal (8, 11) Glen Clark – korvokal (9) Daniel Timms – korvokal (9)

Produksjon Produsentar – Bonnie Raitt og Don Was Lydteknikar og miksing – Ed Cherney Assisterande lydteknikar – Bryant Arnett, Ray Blair, Dan Bosworth og Charles Paakkari. Mastering av Doug Sax i The Mastering Lab (Los Angeles, CA). Kunstnarisk leiar – Tommy Steele Design – Jeffery Fey Fotografi – Merlyn Rosenberg Logo – Margo Chase

Salslister Album

Vekeslister Liste (1991–92) Plassering

Tiårsliste Liste (1999) Plassering US Billboard 200 72

Singlar År Singel Plassering US US AC US Rock UK 1991 «Something to Talk About» 5 5 12 — «I Can't Make You Love Me» 18 9 — 50 «Slow Ride» — — 28 — 1992 «Not the Only One» 34 2 — — «Come to Me» — 10 — — 1993 «All At Once» — 17 — —

Salstrofé

Prisar Grammyprisens ÅrVinnarKategori1991«Good Man, Good Woman»Besterockesong av gruppe eller duo1991Luck of the DrawBeste kvinnelege rockesong1991«Something to Talk About»Beste kvinnelege popsong

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Luck of the Draw» frå , den 3. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Bonnie Raitt-album Kategori:Musikkalbum frå 1991 Kategori:Album produserte av Don Was Kategori:Capitol Records-album