Dixie Chicken er det tredje studioalbumet til det amerikanske rockebandet Little Feat, gjeve ut i 1973. Plateomslaget vart laga av Neon Parkhttps://www.lambiek.net/artists/p/park_neon.htm og er ein referanse til ein linje frå songen «Roll Um Easy» på albumet.

Albumet vert rekna som eit landemerke forbandet der tittelsporet er blitt signaturlåten deira som var med å definere Little Feat-stilen. Dei hadde med seg to ekstra medlemmar (gitaristen Paul Barrere og perkusjonisten Sam Clayton) som fullførte besetninga dei hadde fram til dei vart oppløyst i 1979 etter Lowell George døydde. Bassisten Kenny Gradney vart henta inn for erstatte den opphavlege bassisten Roy Estrada, som slutta etter det andre albumet deira, Sailin' Shoes,for å bli med i Captain Beefheart's Magic Band. Denne nye besetninga endra radikalt stilen til bandet og gjekk meir i retning av New Orleans-R&B og funk.

Albumet vart stemt fram til 563. plassen i Colin Larkin si 3. utgåve av boka All Time Top 1000 Albums (2000).

Innhald Lowell George solovokal på alle spor, utanom der andre er nemde.

Medverkande Paul Barrere – gitar, vokal Sam Clayton – conga Lowell George – vokal, gitar, kubjølle, fløyte Kenny Gradney – bass Richie Hayward – trommer, vokal Bill Payne – klaverinstrument, synthesizer, vokal

Andre medverkande Bonnie Bramlett – korvokal Malcolm Cecil – synthesizer Tret Fure – korvokal Danny Hutton – korvokal Milt Holland – tabla Gloria Jones – korvokal Debbie Lindsey – korvokal Bonnie Raitt – korvokal Stephanie Spruill – korvokal Fred Tackett – gitar (var med i bandet i 1988)

Teknisk Neon Park - plateomslag

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dixie Chicken (album)» frå , den 6. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Little Feat-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Album produserte av Lowell George Kategori:Plateomslag av Neon Park Kategori:Album spelte inn i Sunset Sound Recorders