Kari-Anne Henriksen () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Bergen. Ho spelte 12 landskampar for Noreg og skåra 17 mål. I 2002 vann ho EM-sølv med det norske landslaget.
Karriere Klubbspel Henriksen spelte på Tertnes frå 1997 til 2005. Etter Mette Davidsen la opp grunna skade, fekk Henriksen ein sentral plass i laget som spelstyrar (playmaker) i angrep. Ho var sjølv mykje plaga med skadar, stod fleire sesongar over mange kampar. Frå 2005 til 2009 gjorde ho teneste i danske Ikast. Sidan busette ho seg i Oslo og spelte på Rælingen HK i 2009-10 og Oppsal IF 2010-13.
Landslagsspel Henriksen fekk sin landslagsdebut i oktober 2001 mot Sverige. Semifinalen mot Frankrike under europameisterskapen 2002 vart hennar 12. og siste i landslagsdrakta. EM-finalen såg ho frå tribuneplass, ein kamp som enda med tap 22-25 mot arrangørlandet Danmark.
Merittar EM 2002: Sølvmedalje etter 22–25 mot Danmark
Kjelder Landskampstatistikk
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Bergen