George Grantham () er ein USA-amerikansk trommeslagar og vokalist, mest kjend for arbeidet sitt i countryrockbandet Poco.
Grantham og pedalsteelgitarist Rusty Young var medlemmer i det Denver-baserte psykedeliske rockebandet Boenzee Cryque då Young slutta i bandet i midten av 1968 for å flytte til Los Angeles. Der vart han kjend med Buffalo Springfield-medlemmane Richie Furay og Jim Messina, medan dei var i ferd med å avslutte det siste albumet til bandet.
Då Buffalo Springfield vart oppløyst, slo Furay, Messina og Young seg saman for å skape eit nytt band, kalla Poco. Bandet trengde ein trommeslagar og Young føreslo Grantham. Grantham kunne òg syngje korvokal og vart ein viktig del av harmonivokalstilen til bandet.
Grantham spelte i forskjellige besetningar av Poco fram til 1977, og deltok på ti studioalbum og to konsertalbum. Han kom attende i bandet i 1985, før han igjen slutta i 1990. Nok ein gong kom han attende i 2000, men slutta etter han fekk slag i 2004 og var etter det berre med på somme konsertar på vokal.
I tida då han ikkje spelte i Poco, spelte Grantham mellom andre med Ricky Skaggs.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «George Grantham» frå , den 11. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Folk frå New Cordell i Oklahoma Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Musikarar frå Oklahoma Kategori:Poco-medlemmar Kategori:USA-amerikanske trommeslagarar