New Nintendo 3DS er ein handhalden spelkonsoll utvikla av Nintendo. Konsollen vart annonsert for første gong 29. august 2014 og lansert 11. oktober 2014 i Japan og 13. februar 2015 i Europa og Nord-Amerika.
New Nintendo 3DS har nokre forbetringar i maskinvaren samanlikna med den opphavlege Nintendo 3DS frå 2011. Konsollen har oppgraderte prosessorar og auka RAM i høve originalen, bruker ansiktssporing med frontkameraet for å reprodusere ein meir stabil 3D-effekt og har to ekstra skulderknappar og ei ekstra analog stikke på høgresida av konsollen. I likskap med Nintendo 3DS, har New Nintendo 3DS ein større variant med større skjermar, New Nintendo 3DS XL (kjend som New Nintendo 3DS LL i Japan). Den minste varianten av New Nintendo 3DS har utskiftbare deksel og primærfarga ABXY-knappar.
Nokre spel er eksklusive for New Nintendo 3DS på grunn av den forbetra maskinvara i konsollen, mellom anna Xenoblade Chronicles 3D. New Nintendo 3DS kan også spele av utvalde spel frå Super Nintendo Entertainment System gjennom Virtual Console.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Nintendo-spelkonsollar