Heide Simonis (), opphavleg Heide Steinhardt, var ein tysk samfunnsøkonom, forfattar og politikar for SPD. Ho var den første kvinnelege ministerpresidenten i Schleswig-Holstein, og i heile Tyskland.

Liv og virke

Simonis vart fødd i Bonn. Ho studerte økonomi og sosiologi i Erlangen, Nürnberg og Kiel, og arbeidde deretter som lektor i tysk ved Lusaka-universitetet i Zambia i Afrika. Deretter var ho verksam ved instituttet for finans i Kiel. Ho var deretter knytt til Goethe-Institut.

Frå 1969 var ho medlem av SPD, og frå 1972-76 var ho medlem av kretsstyret i SPD-laget i Kiel. I 1971 blei ho rådsherre i rådsforsamlinga i Kiel, og 1976 blei ho vald inn i Forbundsdagen, der ho sat fram til 1988.

Etter regjeringsskiftet i Schleswig-Holstein blei ho 31. mai 1988 finansminister i Björn Engholm si delstatsregjering. Ho blei visestatsminister 10. mars 1993, og overtok som regjeringssjef 19. mai same året som første kvinne i historia.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Heide Simonis» frå , den 15. oktober 2020.

Kategori:SPD-politikarar Kategori:Folk frå Bonn