Home, Home on the Road er eit konsertalbum av det amerikanske countryrockbandet New Riders of the Purple Sage. Det kom ut på Columbia Records i 1974 og var det første konsertalbumet deira, og det femte totalt. Dei elleve songane på albumet er kombinasjonar av originale songar og coverversjonar. Seks av dei var gjevne ut på tidlegare New Riders-album, medan dei fem andre ikkje var det.
Home, Home on the Road vart produsert av Jerry Garcia i Grateful Dead, som hadde vore med å starte opp New Riders og hadde vore den opphavlege pedalsteelgitaristen. Eit spor, «Kick in the Head», var skriven av Robert Hunter, som skreiv tekstane til mange Grateful Dead-songar.
Innhald
Medverkande New Riders of the Purple Sage John Dawson – gitar, vokal David Nelson – gitar, vokal Dave Torbert – bass, vokal Buddy Cage – pedalsteelgitar Spencer Dryden – trommer
Andre medverkande Andy Stein – barytonsaksofon på «School Days»
Produksjon Jerry Garcia – produsent Tom Flye – lydteknikar og miksing Bob Edwards – lydteknikar Tom Lubin – assisterande lydteknikar Chris Harms – plateomslag Innspelt i Record Plant NY White Truck med Frank Hubach, David Hewitt og John L. Venable
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Home, Home on the Road» frå , den 18. oktober 2020. oppgav desse kjeldene: «Home, Home on the Road» on deaddisc.com «Major Releases» partial discography on NRPS official website nrps.net
Kategori:New Riders of the Purple Sage-album Kategori:Konsertalbum frå 1974 Kategori:Columbia Records-album Kategori:Album produserte av Jerry Garcia