Belgia debuterte i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956 og har berre vore fråverande tre gongar sidan: i 1994, 1997 og 2001. Alle tre gongane skuldast fråveret dårlege plasseringar åra før. Belgia har vunne Eurovision Song Contest éin gong, då 13 år gamle Sandra Kim vann med «J'aime la vie» i Bergen i 1986. Belgia har delteke 63 gongar og har komme på sisteplass åtte gongar i Eurovision Song Contest.
Historikk Belgia er eit av sju land som deltok i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest, som vart arrangert i Lugano i 1956. Sidan deltok Belgia kvart einaste år fram til 1994, då landet ikkje var kvalifisert på grunn av sisteplassen året før.
Deltakinga og ansvaret for å velje det belgiske bidraget har sidan byrjinga gått på rundgang mellom den franskspråklege kringkastaren RTBF og den flamske kringkastaren VRT. Det gjorde at Belgia sine bidrag var skiftevis på fransk og nederlandsk fram til 1999, då språkregelen vart oppheva. Mens VRT ofte har vald sine bidrag gjennom ein nasjonal finale, Eurosong, har vallonske RTBF stort sett vald song og artist internt. Historisk sett har bidraga frå RTBF gjort det langt betre enn bidraga frå VRT. Sigeren og begge andreplassane kom frå RTBF, mens heile seks av åtte sisteplassar kom frå VRT. Den beste plasseringa til Flandern er to sjetteplassar.
Båe kringkastarane sender Eurovision Song Contest kvart år i Belgia. Kanalane har kvar sine kommentatorar og brukar separate telefonnummer når sjåarane skal ringe inn og røyste i tevlinga. Fans, sjåarar og politikere har fleire gongar ytra ønskje om at RTBF og VRT skal samarbeide om deltakinga til Belgia, men inntil vidare går ansvaret framleis på rundgang mellom dei to kringkastarane.
Sisteplassar og siger Belgia har tradisjonelt sett hatt moderat suksess i Eurovision Song Contest, ikkje ulikt innsatsen til Noreg. Som med Noreg, begynte Belgia med ei rekkje topp ti-plaseringar, før to sisteplassar fulgte på rad 1961 og 1962. Den tredje sisteplassen kom i 1965. Den mest kjende sisteplassen kom i 1993, då Barbara Dex song «Iemand als jij». Men det er ikkje plasseringa i seg sjølv som har fått mest merksemd, snarare Dex si sjølvsydde kreasjon, som seinare vart opphavet til Barbara Dex Award – ein årleg pris som delast ut til den verst kledde i Eurovision Song Contest.
Trass sisteplassane har Belgia også gjort det bra i tevlinga. Belgia har to andreplassar frå 1978 og 2003, og i 2003 låg Belgia an til å vinne Eurovision Song Contest for andre gong før siste land skulle gi sine poeng. Til slutt vann Tyrkia tevlinga, berre to poeng foran det belgiske bidraget «Sanomi». Den fyrste og førebels einaste sigeren til Belgia kom i Bergen i 1986, med Sandra Kim og «J'aime la vie». Både før og under tevlinga, påstod Kim at ho var 14 år, men etter tevlinga kom det fram at ho berre var 13 år. Nokre år seinare innførte Den europeiske kringkastingsunionen 16-års aldersgrense for å deltake, og så lenge denne regelen gjeld, vil Kim vere den yngste vinnaren av Eurovision Song Contest gjennom tidene.
Som fylgje av sigeren i 1986 vart Eurovision Song Contest 1987 arrangert i Brussel, hovudstaden i Belgia. Tjueto land deltok det året, det høgaste talet deltakande land i ein Eurovision Song Contest-finale fram til 1992.
Oppsving frå 2010 Etter innføringa av semifinalar 2004, har Belgia berre kvalifisert seg til finalen fem av fjorten gongar. Same år som semifinale vart innført, var Belgia direktekvalifisert til finalen, etter tredjeplassen året før. Fyrste gongen Belgia kvalifiserte seg til finalen, var i Oslo i 2010, då Tom Dice vann sin semifinale og endte på sjetteplass i finalen - den beste plasseringa til Belgia sidan 2003, og den beste flamske plasseringa noko gong. Ein fjerdeplass følgde med Loïc Nottet i 2015, og året etter vart Laura Tesoro nummer ti i finalen. Ein ny fjerdeplass følgde med Blanche i 2017. Dette var fyrste gongen sidan 1978 at Belgia har oppnådd fleire topp ti-plasseringar på rad. Loïc Nottet vart nummer to i sin semifinale, Laura Tesoro vart nummer tre i sin semifinale og Blanche vart nummer fire i sin semifinale.
Rekkja med gode plasseringa fekk ein brå slutt i 2018, då Belgia ikkje kvalifiserte seg finalen. Heller ikkje i 2019 lykkast belgiske Eliot med å ta Belgia til finalen.
Bidraga År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 1956 Fud Leclerc «Messieurs les noyés de la Seine» Fransk colspan=2 rowspan=2 Mony Marc «Le plus beau jour de ma vie» Fransk 1957 Bobbejaan Schoepen «Straatdeuntje» Nederlandsk 5 8 1958 Fud Leclerc «Ma petite chatte» Fransk 8 5 1959 Bob Benny «Hou toch van mij» Nederlandsk 9 6 1960 Fud Leclerc «Mon amour pour toi» Fransk 9 6 1961 Bob Benny «September, gouden roos» Nederlandsk 1 15 1962 Fud Leclerc «Ton nom» Fransk 0 13 1963 Jacques Raymond «Waarom?» Nederlandsk 4 10 1964 Robert Cogoi «Près de ma rivière» Fransk 2 10 1965 Lize Marke «Als het weer lente is» Nederlandsk 0 15 1966 Tonia «Un peu de poivre, un peu de sel» Fransk 14 4 1967 Louis Neefs «Ik heb zorgen» Nederlandsk 8 7 1968 Claude Lombard «Quand tu reviendras» Fransk 8 7 1969 Louis Neefs «Jennifer Jennings» Nederlandsk 10 7 1970 Jean Vallée «Viens l'oublier» Fransk 5 8 1971 Lily Castel og Jacques Raymond «Goeiemorgen, morgen» Nederlandsk 68 14 1972 Serge og Christine Ghisoland «À la folie ou pas du tout» Fransk 55 17 1973 Nicole og Hugo «Baby, Baby» Nederlandsk, engelsk, fransk og spansk 58 17 1974 Jacques Hustin «Fleur de liberté» Fransk 10 9 1975 Ann Christy «Gelukkig zijn» Nederlandsk og engelsk 40 11 1976 Pierre Rapsat «Judy et Cie» Fransk 68 8 1977 Dream Express «A Million in One, Two, Three» Engelsk 69 7 1978 Jean Vallée «L'amour ça fait chanter la vie» Fransk 125 2 1979 Micha Marah «Hey Nana» Nederlandsk 5 18 1980 Telex «Euro-Vision» Fransk 14 17 1981 Emly Starr «Samson» Nederlandsk 40 13 1982 Stella «Si tu aimes ma musique» Fransk 96 4 1983 Pas de Deux «Rendez-vous» Nederlandsk 13 18 1984 Jacques Zegers «Avanti la vie» Fransk 70 5 1985 Linda Lepomme «Laat me nu gaan» Nederlandsk 7 19 1986 Sandra Kim «J'aime la vie» Fransk 176 1 1987 Liliane Saint-Pierre «Soldiers of Love» Nederlandsk og engelsk 56 11 1988 Reynaert «Laissez briller le soleil» Fransk 5 18 1989 Ingeborg «Door de wind» Nederlandsk 13 19 1990 Philippe Lafontaine «Macédomienne» Fransk 46 12 1991 Clouseau «Geef het op» Nederlandsk 23 16 1992 Morgane «Nous, on veut des violons» Fransk 11 20 1993 Barbara Dex «Iemand als jij» Nederlandsk 3 25 1995 Frédéric Etherlinck «La voix est libre» Fransk 8 20 1996 Lisa del Bo «Liefde is een kaartspel» Nederlandsk 22 16 45 12 1998 Mélanie Cohl «Dis oui» Fransk 122 6 1999 Vanessa Chinitor «Like the Wind» Engelsk 38 12 2000 Nathalie Sorce «Envie de vivre» Fransk 2 24 2002 Sergio & The Ladies «Sister» Engelsk 33 13 2003 Urban Trad «Words for Love» Kunstig språk 165 2 2004 Xandee «1 Life» Engelsk 7 22 colspan=2 2005 Nuno Resende «Le grand soir» Fransk colspan=2 rowspan=5 29 22 2006 Kate Ryan «Je t'adore» Engelsk og fransk 69 12 2007 The KMG's «Love Power» Engelsk 14 26 2008 Ishtar «O Julissi» Kunstig språk 16 17 2009 Patrick Ouchène «Copycat» Engelsk 1 17 2010 Tom Dice «Me and My Guitar» Engelsk 143 6 167 1 2011 Witloof Bay «With Love Baby» Engelsk colspan=2 rowspan=2 53 11 2012 Iris «Would You?» Engelsk 16 17 2013 Roberto Bellarosa «Love Kills» Engelsk 71 12 75 5 2014 Axel Hirsoux «Mother» Engelsk colspan=2 28 14 2015 Loïc Nottet «Rhythm Inside» Engelsk 217 4 149 2 2016 Laura Tesoro «What's the Pressure» Engelsk 181 10 274 3 2017 Blanche «City Lights» Engelsk 363 4 165 4 2018 Sennek «A Matter of Time» Engelsk colspan=2 rowspan=2 91 12 2019 Eliot «Wake Up» Engelsk 70 13 Hooverphonic «Release Me» Engelsk colspan="4" 2021 Hooverphonic «The Wrong Place» Engelsk 74 19 117 9 2022 Jérémie Makiese «Miss You» Engelsk 64 19 151 8 2023 Gustaph «Because of You» Engelsk 182 7 90 8 2024 Mustii «Before the Party’s Over» Engelsk colspan=2 rowspan=2 18 13 2025 Red Sebastian «Strobe Lights» Engelsk 23 14 2026 «» Engelsk
Røystehistorikk (1956-2021) Finalane
+ Belgia har gjeve flest poeng til Nr. Land Poeng1 1982 1863 1844 1795 169
+ Belgia har fått flest poeng frå Nr. Land Poeng1 1792 1413 1273 1275 120
Galleri
Eurovision Song Contest i Belgia År Stad Arena Programleiar 1987 Brussel Palais du Centenaire Viktor Lazlo
Sjå òg Belgia i Junior Eurovision Song Contest
Referansar
Kjelder Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Belgia i Eurovision Song Contest» frå , den 19. oktober 2020.
Kategori:Land i Eurovision Song Contest