Paul Worley () er ein USA-amerikansk plateprodusent, gitarist og studiomusikarar, hovudsakleg kjend for arbeidet innan country. Han var tidlegare visedirektør i Sony BMG, og var seinare tilsett i leiinga i Warner Bros. Records si avdeling i Nashville. Worley har sidan 2000 hovudsakleg arbeidd som plateprodusent for andre artistar, som Big & Rich, i tillegg til å stundom spele gitar. Han var medprodusent i lag med Victoria Shaw på debutalbumet til Lady Antebellum (2008) og det andre albumet deira, Need You Now (2010). Han oppdaga òg Dixie Chicks og i lag med Blake Chancey produserte han dei to første albuma deira.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Paul Worley» frå , den 25. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske countrygitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Musikarar frå Nashville Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:Countrymusikarar frå Tennessee