Mario Kart Live: Home Circuit er eit resarspel utgjeve den 16. oktober 2020 til Nintendo Switch. Det er utvikla av Velan Studios og bruker verkelege radiostyrte bilar med innebygd kamera som responderer på korleis spelaren speler i sjølve dataspelet. Spelaren lagar eigne baner ved å setje opp medfølgjande målpostar, som dei radiostyrte bilane skal køyre gjennom på ekte. Kameraet viser perspektivet frå den radiostyrte bilen, medan spelet legg virtuelle figurar og effektar til på TV-skjermen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Dataspel frå 2020 Kategori:Mario Kart Kategori:Nintendo Switch-spel