Devoll er ein kommune i regionen Korçë i Albania. Kommunen ligg ved den vesle Prespasjøen heilt aust i landet og grensar i aust til nabolandet Hellas.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Bilisht vart slått saman med landkommunane Qendër Bilisht, Hoçisht, Progër og Miras. Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Bilisht.

Tidlegare administrativ inndeling Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Devoll, som var samanfallande med den noverande kommunen.

Folketal

Kommunaleining Folketal 2011 Folketal 2023 Bilisht 6 250 7 287 Qendër Bilisht 5 440 5 138 Miras 6 577 5 795 Hoçisht 4 461 4 194 Progër 3 988 3 483 Kommunen Maliq 26 716 25 897

Referansar

Kategori:Kommunar i Albania Kategori:Regionen Korçë