Takin' It to the Streets er det sjette studioalbumet til den amerikanske rockegruppa The Doobie Brothers, utgjeve 19. mars 1976 på Warner Bros. Records. Det var det første albumet deira med Michael McDonald på solovokal.
Bakgrunn Seint i 1974 byrja turnélivet å slite på bandet, særskild leiaren Tom Johnston. Ting byrja å bli verre under turneen for Stampede då han pådrog seg magesår. Tilstanden hans vart verre og dei måtte avlyste fleire konsertar. Då Johnston vart tvungen til å ta det rolegare, vurdert dei andre medlemane å legge inn årene, men då dei var i Baton Rouge, føreslo Jeff Baxter at dei kunne ringe venen og den tidlegare Steely Dan-kollegaen Michael McDonald, som på den tida var utan jobb og budde i ein garasjeleilegheit. McDonald var først motvillig, og kjende at han ikkje var ønskt, i følgje han sjølv. «dei såg etter nokon som kunne spele Hammond B-3-orgel og andre klaverinstrument, og eg var berre ein som skreiv songar og spelte piano. Men meir enn noko anna såg dei etter ein songar som kunne fylle skoa til Tommy.» Han gjekk med på å bli med ei på Le Pavillon Hotel i New Orleans, der dei flytta inn i eit lager for å øve dei neste to dagane. McDonald rekna med han berre skulle bli med bandet for resten av turneen, og vart overraska då bandet inviterte han med seg i studio for det neste albumet deira.
Innspeling Med Johnston på sidelinja var ikkje bandet sikkert på kva dei skulle gjere vidare eller om eit album utan han kom til å fungere. McDonald sa: «Eg visste plateselskapet fekk panikk med tanke på endringar i bandet. Dei var skeptiske til å få inn ein ny fyr. Eg var særs nøgd med å ha hatt jobben, men eg forventa ikkje meir enn det.» Med oppmuntring frå Ted Templeman byrja bandet å arbeide med songane dei hadde tilgjengeleg. Dei visste dei trengde fleire songar så McDonald tok med seg sine eigne demoar. Templeman fortalte dei i følgje Patrick Simmons: «De har ein verkeleg uslepen diamant her som de kan gjere til noko om de vil halde fram.» Dei valde å spele inn songane hans, sjølv om dei visste det ville ta dei i ei ny retning. Sjølv om Johnston var borte det meste av innspelinga, medverka han med ein song - «Turn It Loose» - i tillegg til korvokal og duettvokal med Simmons på «Wheels of Fortune». Han sa seinare «eg hadde ikkje slutta i bandet. Eg var berre ikkje i fysisk stand til å gjere det. Eg måtte halde meg heime og ta ein pause frå heile miljøet ei stund.»
Innhald
Medverkande The Doobie Brothers Tom Johnston – elektrisk gitar, solo- og korvokal på «Turn It Loose»; vokal på «Wheels of Fortune» Patrick Simmons – elektrisk gitar, solo- og korvokal Jeff «Skunk» Baxter – elektrisk gitar, akustisk gitar på «For Someone Special» Michael McDonald – piano, elektrisk piano, clavinet, synthesizer, solo- og korvokal Tiran Porter – bass, korvokal, solovokal på «For Someone Special» John Hartman – trommer, perkusjon Keith Knudsen – trommer, perkusjon, korvokal
Andre medverkande The Memphis Horns Wayne Jackson – trompet Andrew Love – tenorsaksofon James Mitchell – barytonsaksofon Lewis Collins – tenorsaksofon Jack Hale – trombone Bobby LaKind – conga på «Takin' It to the Streets», «Losin' End» og «Rio» Richie Hayward – trommer (med John Hartman) på «Wheels of Fortune» Novi Novog – bratsj på «Losin' End» Jesse Butler – orgel på «Takin' It to the Streets» Maria Muldaur – vokal på «Rio» Ted Templeman – ekstra perkusjon
Produksjon Produsent – Ted Templeman Produksjonskoordinasjon – Beth Naranjo Lydteknikar – Donn Landee Kunstnarisk leiar – Ed Thrasher Fotografi – Dan Fong Management – Bruce Cohn
Salslister Album ÅrListePlassering1976Pop Albums8
Singlar ÅrSingelListePlassering1976«Takin' It to the Streets»Pop Singles131976«Wheels of Fortune»Pop Singles871977«It Keeps You Runnin'»Pop Singles37
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Takin' It to the Streets (The Doobie Brothers album)» frå , den 6. november 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:The Doobie Brothers-album Kategori:Album produserte av Ted Templeman Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Album spelte inn i Sunset Sound Recorders