Blake Tollison Shelton () er ein USA-amerikansk countrysongar og fjernsynskjendis. I 2001 debuterte han med singelen «Austin». Singelen, som kom frå det sjølvoppkalla debutalbumet hans, låg fem veker på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista. Albumet selde til platinastatus i USA.

The Dreamer frå 2003 og Blake Shelton's Barn & Grill frå 2004 selde til høvesvis gull- og platinaplate.

Fram til mai 2020 har Shelton hatt 40 singlar inne på Country-lista i USA, inkludert 27 på toppen av lista, der 17 av dei var på rad. Den 11. førsteplassen hans («Doin' What She Likes») slo rekorden for talet på førsteplassar på rad på Country Airplay-lista. Han har blitt nominert til Grammyprisen ni gonger.

Shelton har òg vore dommar i songkonkurransen Nashville Star, Clash of the Choirs og mentor på NBC-serien The Voice.

Diskografi

Studioalbum Blake Shelton (2001) The Dreamer (2003) Blake Shelton's Barn & Grill (2004) Pure BS (2007) Startin' Fires (2008) Red River Blue (2011) Cheers, It's Christmas (2012) Based on a True Story... (2013) Bringing Back the Sunshine (2014) If I'm Honest (2016) Texoma Shore (2017)

Singlar (utval) «Boys 'Round Here», Pistol Annies gjesta (2013, førsteplass på Country Airplay-lista) «Sangria» (2015, førsteplass på Country Airplay) «Minimum Wage» (2021)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Blake Shelton» frå , den 8. november 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske countrysongarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:Countrymusikarar frå Oklahoma Kategori:Grand Ole Opry-medlemmar Kategori:Folk frå Ada i Oklahoma