mini|Erme er dei sylinderforma delane av eit plagg som dekker armane. Biletet viser ein mann i ei trøye eller langerma T-skjorte med raglanerme. Dei dekker heile skulderpartiet og er sydd til fram- og bakstykket på plagget utan ermehol. Erm eller erme (norrønt ermr, av arm) er den delen av eit klesplagg som omgjev heile eller delar av armen.Språkrådet om uttrykket «å brette opp ermene» Ein kan ha erme på genserar, skjorter, kjolar, jakker og mange andre plagg som dekker overkroppen. Dei fleste erme er festa til slike plagg, men det finst også lauserme som kan festast nede på armen. Lengda, vidda og fasongen til erme, og måten dei eventuelt blir festa til ermeholet på, varierer mykje med moten.
Konstruksjon
Erme kan vera lange eller korte, vida og luftige eller ettersitjande og tronge. Dei kan såvidt dekkja skuldrene, stoppa ulike stader på armen, eller i nokre høve gå langt forbi handleddet. Dei kan stå glatt eller ha innsnitt, rynkar eller kilar og legg. I staden for påsydde erme kan ein laga dei ved å klippa til for- og bakstykket i ein enkel fasong med liv og erme i eitt og så sy tøystykka saman som for- og bakstykke. Raglanerme dekker heile skulderpartiet og blir sydd til for- og bakstykket på plagget utan ermehol.
Erme kan avsluttast nedst med til dømes vanleg fald, oppslag (tilbakebretta ende), linning (folda, forsterka kant omkring opninga) eller mansjettar (brei, glatt linning eller krage kring handleddet), eventuelt med splitt og knappar.
På strikkeplagg blir erma sydd eller strikka til bolen (delen rundt overkroppen).Strikke ermer inn på bolen (video frå Wollwellas hobby 2016)Slik kan du sette sammen bolen og ermene (video frå VanjaSTRIKK 2017)
Ermetypar mini|Ein amerikansk tvidelt second-day dress, kjolen som tradisjonelt blei boren dagen etter eit bryllaup, frå ca. 1895, Han har «skinkeerme», det vil seia pufferme med ekstra stor vidde opp mot skuldra. mini|Opprulla eller oppbretta skjorteerme er vanleg når nokon skal arbeida fysisk og ikkje vil slita på eller skitna til plagget, eller når nokon vil lufta seg og verka avslappa.Stiltips trinn for trinn: Hvordan brette opp skjorteermeneGANT: Slik ruller du opp ermene Plakaten We can do it!, produsert av Westinghouse Electric og War Production Co-ordinating Committee ca. 1942, viser Rosie the Riveter, ein propgandafigur for kvinnearbeidarane i den amerikanske industrien under andre verdskrigen. mini|Houppelande, fransk-burgundisk overklassekjortel i gotikken, der hengeerme og slep har kant dekorert med tunger eller flikar.
Ermetype og skildring Bilde 3/4-langt erme dekkjer tre fjerdedelar av armen, og endar på midten av underarmen. 120px|Dior-drakt med 3/4-lange erme 120px|3/4-lange erme Ballongerme er vide erme som blir samla ved olbogen. 120px|Ballongerme 120px|Ballongerme Engageanterme er undererme med rekkjer av påsydde blonder 140px|Engageanterme 120px|Engageanterme Flaggermuserme er klippa i eitt saman med resten av plagget og heng vidt i ei slags vengeform 140px|Flaggermuserme 140px|Kati Witt med flaggermuserme Furisode er ein type kimono med ekstra vide erme som berre er feste til resten av drakta ved armhola. Namnet tyder 'svingande erme'. 140px|Furisode på utstilling 140px|Bruk av furisode Hengeerme heng ope vidt ned frå olbogen 120px|Hengeerme frå mellomalderen 120px|Hengeerme frå viktoriatida Kappeerme er korte erme som dekker skuldera som ei kappe, men har lite eller inkje stoff under armen. 140px|Kappeerme 140px|Kappeerme Kimonoerme blir klipt til i eitt med den øvre delen av plagget som på tradisjonelle kinesiske klede. Kimonoar har som regel erme laga av eigne tøystykke, ikkje kimonoerme. 140px|Kimonoerme Kort erme stoppar eit stykke oppe på overarmen. 140px|Kort erme 140px|Uniforma til den indiske marinen med skjorter med korte erme. Langt erme går heilt ned til handleddet. 140px|Langt erme 140px|Josef Kostner i skjorte med lange erme Olbogeerme er lange nok til å nå olbogen, men rekk ikkje over han. 140px|Olbogeerme Overtrekkserme er eit laust erme som kan trekkjast over eit anna for å verna plagget mot slitasje og søl 140px|Fiskar med overtrekkserme Pagodeerme er traktforma, og var populært på 1860-talet med volangar (kappeforma pynt) over eit falsk undererme eller engageanterme. 140px|Pagodeerme 140px|Pagodeerme Poseerme vidar seg ut til ein pose og smalnar inn att ved enden, vanlegvis handleddet. Ein kan også kalla slike erme biskoperme. 140px|Biskoperme 140px|Karl ! med poseerme Pufferme har utposingar med rynkar over og under 140px|Pufferme 140px|Pufferme Raglanerme er eit langt eller kort erme som skrår innover i rette linjer opp mot halskanten på plagget og blir sydd fast utan ermehol. Ermesnittet blir ofte brukt på fritids- eller sportsplaggraglan i Store norske leksikon på snl.no. Henta 20. juli 2020. 120px|Skisse av raglanfrakk 120px|Raglanerme Skinkeerme er ekstremt vidt rundt overarmen og smalt frå olbogen til handleddet. Det blir kalla «lammelår» på fransk (gigot) og engelsk (leg-of-mutton sleeve) Sommarfuglerme er nokså korte erme som vidar seg mykje ut mot enden. I filippinsk drakttradisjon finst ei utgåve der ein stivar dei oppover i spissar. Trompeterme skrånar ut i større vidde nedst 140px|Trompeterme Vasserme er eit sterkt forlenga erme brukt i kinesisk dans (hovudsakleg kinesisk opera) og koreansk kultur. Det kan vera eit lauserme som ein festar rundt handleddet og som går ut over handa. 140px|Vasserme i Sichuan-opera 140px|Vasserme i koreansk dans
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Erme» frå , den 9. november 2020.
Kategori:Delar av klede Kategori:Klede for armar og hender