mini|Ermehaldar Ein ermehaldar (også kalla armstrikk) er eit smalt band av tøy, gjerne elastisk som bukseselar eller hoseband, som blir brukt på skjorteerme for å halda mansjetten på plass. Ermehaldarar blir festa rundt armen over olbogen på ermet. Dei gjer at brukaren kan regulera lengda på ermet, og såleis halda mansjetten trekt attende, for å unngå at han blir skiten når ein arbeider.

mini|venstre|Barbershop-kvartetten «The Dapper Dans» med ermehaldarar.

Ermehaldarar blei vanlege i USA på slutten av 1800-talet. I dag blir dei helst brukt som del av ein stil, til dømes av visse musikarar, casinoarbeidarar og rodeodeltakarar. Sistnemnde kan fest ei lita dekorert plate, kjend som ein concho, med westernmotiv til ermehaldaren.sleeve garters as rodeo costume

Sjå òg

Hoseband Sokkeband

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ermeholder» frå , og «Sleeve garter» frå den 17. november 2020.

Kategori:Drakttilbehøyr Kategori:Erme Kategori:Skjorter