miniatyr|Eg hev gjengi Gjaddarbrui, ho æ både bratt og lei. Illustrasjon av Gerhard Munthe til Draumkvedet (1904).
Gjallarbrua (norrønt Gjallarbrú, 'brua over Gjall') er ei bru som fører til dødsriket i norrøn mytologi. Brua går over elva Gjall, som skil dei levande frå dei daude. Ho er «kledd med lysande gull». Møya Modgunn vaktar over henne.Snorre Sturlason, Den yngre Edda (Norrøne bokverk 42), Det norske Samlaget (1973), s 82Jan Erik Ebbestad Hansen og Kari Møller: Norrøne myter og sagn (Gyldendal Fakta 1999) ISBN 82-05-25546-6 Brua er også omtalt i seinare kristen mellomalderlitteratur.
Gylfaginning
Gjallarbrua er omtalt i Gylfaginning i Den yngre Edda. Ifølgje Snorre har ho eit tak av gull (Hon er þǫkð lýsigulli.) Etter at Balder har døydd dreg bror hans, Hermod, til dødsriket på Sleipner for å henta Balder tilbake frå dei døde. Han må over Gjallarbrua, men blir stoppa av Modgunn. For å koma forbi må han oppgje kven han er og kva han skal.Norse Mythology: A Guide to Gods, Heroes, Rituals, and Beliefs (John Lindow. Oxford University Press, 2002, s. 142)
Draumkvedet I det seinmellomalderske Draumkvedet, som har katolsk innhald, fortel Olav Åsteson (eller Åkneson) om ei ferd til dødsriket. Her er Gjallarbrua skildra i fleire strofer som farlig og bratt, og svaiar i vinden. Ho har kvasse taggar og er vakta av ville dyr.Draumkvææ, bib.hive.no
Det finst over 100 kjende variantar av diktet, der dei fleste er brotstykke. Den best kjende versjonen i dag er Moltke Moe sin rekonstruksjon frå 1890-talet. Han kallar brua «Gjaddarbrui».
I ei nedskrift frå etter Maren Ramskeid av M.B. Landstad frå 1840-åra er Gjallarbrua omtalt som «Gjeddarbroi»: Aa Gjeddarbroi den æ vond aa inkje go aa gange. Bikkjune bite aa Ormane sting, aa Stutæne stænd aa stangar. Draumkvedet [BIN: 1156]
I ei oppskrift etter Anne Lillegård gjort av Jørgen Moe i 1847 blir brua kalla «Gjæddarbro'e»: Kjæm eg me aat Gjæddarbro'e hængje saa høgt i Vinde va fast me Krokar slægje' aa Nagle me korjom Tinde.Draumkvedet [BIN: 1157]
Førestillingar om ei bru til dødsriket Namnet «Gjallarbrua» er berre dokumentert i islandsk mellomalderlitteratur i Den yngre Edda av Snorre Sturlasson (Gylfaginning 49),Lindow (2001), sid 142f.Simek (2007), s. 110. og i eit dikt av brorsonen til Snorre, Sturla Tordarson, der uttrykket «gå over Gjallarbrua» blir nytta som omskriving for å døy (Hákonarkviða, strofe 24.) Sjølv om namnet på brua berre finst skriftleg bevart i desse islandske tekstane, har det truleg funnest ei liknande førestilling i heile Skandinavia. I Draumkvedet blir brua kalla Gjaddarbrui. I danske folkeviser er dødsbrua kjend som Gjællebro eller Gjeldebro,Anne Holtsmark, «Gjallarbrú» i Kulturhistoriskt lexikon för nordisk medeltid, band 5, spalt 334. og svenske dikt frå 1600-talet omtalar Gillebro som brua til helvete (eller kanskje dødsriket)."Gillebro" F.A. Dahlgren, Glossarium öfver föråldrade eller ovanliga ord och talesätt i svenska språket från och med 1500-talets andra årtionde, Lund 1914-16.
Førestillinga om ei bru som går mellom dei levande og dei daude si verd finst elles også i fornaldersoger og riddarsoger, til dømes i Eiríks saga víðfǫrla og Konráðs saga keisarasonar, i tilleg til i kristen visjonsdikting.
Sjå òg Gjallarhorn Bifrost, himmelbrua mellom verda til menneskja og gudane si verd
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gjallarbrú» frå den 19. november 2020, og «Gjallarbron» frå den 22. november 2020.
Kategori:Stader i norrøn mytologi Kategori:Mytologiske bruer