Nashville String Machine er eit musikalsk kollektiv som består av studiomusikarar basert i Nashville i USA. Medlemmane har spelt i lag på innspelingar sidan 1972 og fram til i dag,allmusic.com, Credits sjølv om gruppa ikkje vart formelt kalla «The Nashville String Machine» før 1981.discogs.com, The Nashville String Machine

Gruppa vart skipa av fiolinisten og konsertmeisteren Carl J. Gorodetsky (f. 1936/7) og kona og fiolinisten Carol W. Gorodetsky (f. 1937). Dei har henta inn arrangørar, musikarar og studiostøtte ved behov og har kunne handtere orkester på opp mot 80 mann.

Sidan talet på orkestermedlemmar varierer frå prosjekt til prosjekt, er det varierande kven som er medlemmar i kollektivet. Fire medlemmar i ensemblet har vore med sidan 1981: Carol W. Gorodetsky – fiolin Pam Sixfin – fiolin Gary Vanosdale – bratsj Craig Nelson – arco bass.

Nettsida AllMusic har ført opp minst 1 171 album der «The Nashville String Machine» er oppført som musikarar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nashville String Machine» frå , den 21. november 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Musikalske kollektiv Kategori:USA-amerikanske instrumentale musikkgrupper