Cowgirl's Prayer er det syttande studioalbumet til den amerikanske countryartisten Emmylou Harris, utgjeve 28. september 1993 på Warner Bros. Records. Det kom like etter det akustiske konsertalbumet At the Ryman i 1992, og er ei samling med liknande, rolege songar, i tillegg til eit par meir rocka songar som «High Powered Love», den første singelen frå albumet. Albumet kom ut på ei tid då eldre artistar (dei over 40) vart droppa frå spelelistene til countrystasjonane, og albumet vart lite spelt på radio, trass i positive meldingar. Det selde derfor dårleg og er ei av årsakene til at Harris valde å gå for ein meir røffare stil på dei neste albuma hennar, frå og med Wrecking Ball i 1995. Cowgirl's Prayer er slik sett det siste streite countryalbumet til Harris.

Trass i at det ikkje vart spelt på radio, vart det laga musikkvideoar for dei tre singlane frå albumet, «High Powered Love», den Cajun-aktige «Crescent City» og Jesse Winchester sin «Thanks to You». Desse vart alle mykje vist på CMT.

Innhald

Medverkande

Larry Atamanuik – perkusjon, trommer Sam Bacco – perkusjon Richard Bennett – akustisk, tremolo, elektrisk gitar, perkusjon, tamburin, produsent, mandocello, lys gitar Mike Brignardello – bass Sam Bush – fele Emory Gordy jr. – strykearrangement Emmylou Harris – akustisk gitar, harmonivokal David Hoffner – Hammondorgel Roy Huskey jr. – akustisk bass Kieran Kane – nylonstrengsgitar Chris Leuzinger – akustisk og elektrisk gitar Sam Levine – klarinett, fløyte Al Perkins – pedalsteelgitar, steelgitar Milton Sledge – perkusjon, trommer Jay Spell – piano, trekkspel Bobby Wood – orgel, elektrisk piano Bob Wray – bass Alison Krauss – korvokal Suzanne Cox – korvokal Mary Ann Kennedy – harmonivokal Jana King – harmonivokal Trisha Yearwood – klapping, harmonivokal Kathy Chiavola – klapping, harmonivokal Ashley Cleveland – klapping, harmonivokal Lori Brooks – harmonivokal Edgar Meyer – kontrabass Jon Randall – harmonivokal Pam Rose – harmonivokal Hurshel Wiginton – harmonivokal Dennis Wilson – harmonivokal Kris Wilkinson – bratsj Connie Heard – fiolin Grace Bahng – cello

Teknisk Allen Reynolds og Richard Bennett– produsent Mark Miller – lydteknikar, miksing Richard Aspinwall – assisterande lydteknikar Joe Loesch – spesialeffektar Robin Lynch – kunstnarisk leiar John Heiden – design Tim White – fotografi

Salslister Liste (1993) Plassering U.S. Billboard Top Country Albums 34 U.S. Billboard 200 152 Canadian RPM Country Albums 19

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cowgirl's Prayer» frå , den 21. november 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Emmylou Harris-album Kategori:Musikkalbum frå 1993 Kategori:Album produserte av Allen Reynolds Kategori:Album produserte av Richard Bennett Kategori:Warner Bros. Records-album