Maria Gamborg Helbekkmo () er ein norsk kordirigent.
Biografi Gamborg Helbekkmo har studert korleiing hjå Knut Nystedt og Eric Ericson, og song frå 1966-1968 i Det Norske Solistkor, leia av Nystedt. Ho har òg vore ein utøvande pianist, og har halde konsertar som solist med "flere fremtredende orkestre"Voci Nobili - Historien om et kor, Maria Gamborg Helbekkmo
https://www.musikk-miljo.no/noter-media-gaver/musikklitteratur-teoriboeker/musikklitteratur/voci-nobili-historien-om-et-maria-gamborg-helbekkmo-bok-med-dvd#:~:text=Maria%20Gamborg%20Helbekkmo%20(f.,begge%20tilknyttet%20H%C3%B8gskolen%20i%20Bergen.. Adele Marcus, Béla Siki og Eline Nygaard har vore blant hennar klaverlærarar.
Fram til det vart nedlagt i 2008, var Gamborg Helbekkmo dirigent for damekoret Voci Nobili, som ho òg var initativtakar til. Med dette koret oppnådde ho stor suksess både nasjonalt og internasjonalt, med turnéar til mellom anna USA og Sør-Korea.
Utmerkingar
1996 – Bergen kommunes kunstnarpris 2005 – Norges Korforbunds Korpris 2006 – Kongens fortenestemedalje i gull 2008 – "Alle kan synge"-prisen 2009 – Æresmedlem i Foreningen Norske Kordirigenter
Kjelder 2.
Kategori:Norske dirigentar Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull