mini|La tabagie, dit aussi Le corps de garde. Måleri frå 1643 av Le Nain-brørne.
Tabagie er eit mi'kmaq-ord som også er brukt i kanadisk fransk (uttalt [tabaˈʒi]).
Ordet er ofte brukt i historiske skildringar av høgtidelege seremoniar i Québec og canadiske kystområade. Ei stammegruppe kunne kalla saman til ein tabagie i samband med ei høgtideleg hending, til dømes den foreståande døden til ein eldre stammemedlem. Omgrepet finst òg i Les Voyages de Samuel De Champlain, då algonkinane førebur seg på å «drepa fangan sine i ein festleg tabagie.»
«Då Champlain og følgjevennene hans nådde La Pointe, røykte indianarane. Dei heldt tabagie for å feira ein nyleg siger over irokesarane [...] Så heldt festen fram: dei delte mat, songar og dansa til det nesten var morgon.».— Damase Potvin
27. mai 1603 gjenforeinte ein høgtideleg tabagie på Tadoussac franskmennene Gravé du Pont og nevøen hans, Samuel de Champlain, med innufolk (montagnais), algonkinar og etcheminar. Denne markerte byrjinga på ein varig allianse mellom gruppene deira.
Ordet kan stamma frå tabac (tobakk), som vart røykt som eit essensielt element i seremonien.
«Sigersfesten fortsette, og åtte til ti store pottar med kjøtt av elg, bjørn, sel, bever og vassfugl vart fortært. Dagen etter frakta Anadabijou folket sitt i kanoar til Tadoussac der festen starta igjen to veker seinare i selskap med deira algonkinske og etcheminske allierte.»
Tabagie kan også brukast om eit rom til å røyka og samlast i.
På moderne Quebec-fransk kan tabagie visa til ein tobakkhandel, noko ein på Paris-fransk ville kalla bureau de tabac.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tabagie (feast)» og «Tabagie (room)» frå , den 28. desember 2020.
Kategori:Franske ord og uttrykk Kategori:Mi'kmaq Kategori:Kanadisk kultur